Mari-Anne Bjørdal
30.10.2008
Sæbø/Åmdal med fortjent siger
J18/Damelaget vann i kveld ein komfortabel siger over Stranda i handball..
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Oktober 2008 » Sport
Mari-Anne Bjørdal
30.10.2008
J18/Damelaget vann i kveld ein komfortabel siger over Stranda i handball..
Bodil Skare
27.10.2008
Med dette vakre haustglimtet framover dalen , frå Korsabrua, seier trimgruppa TUSEN TAKK til alle som har vore med på tursesongen i år.
Vinnarane er no trekte.
Mari-Anne Bjørdal
26.10.2008
Handballgrupa kjem med ny faskeinnsamling 11. og 12. november.
Vi håper mange er med og hjelper oss med å samle flasker og boksar også denne gangen, vi tek imot alt som er pant på.
Mari-Anne Bjørdal
22.10.2008
3 lokale jenter frå Sæbø, Åmdal og Ørsta stilte tirsdag i Trondheim for å vere med på regional Landslagssamling i handball.
Hilde Muren
21.10.2008
Sæbø IL kallar inn til omframt årsmøte onsdag 22.okt kl 19:30-20:00
Sak: Årsmøteutsegn om idrettslaget sitt behov for treningstid i den planlagde fleirbrukshallen. Det vil seie: kor mykje treningstid forpliktar dei ulike gruppene seg til å ta ut.
Mari-Anne Bjørdal
19.10.2008
Så er handballsesongen i gang! Dei fleste laga har no vore i aksjon med gode resultat.
Handball er kjekt!
Knut Hustad
18.10.2008
Det er sjølvsagt kjekkast/enklast å seie ja til alt, men no må Sæbø IL seie klart ifrå - ny gymsal på Sæbø eller ny fleirbrukshall i Ørsta først?
Knut Hustad
18.10.2008
Sæbø IL sitt G-14 fotballag har denne sesongen gjort det svært godt. Trenar Emile van Embden er sjølvsagt stolt over det og i tillegg er han svært glad for draktsettet som Sagafjord Hotell på Sæbø har spandert på laget...
Siw Lillebø
12.10.2008
Litt informasjon om kva vi gjer på Barneidretten i Sæbø IL.
Først komande tysdag startar vi opp med trening i gymsalen for alle barn i 1. til 4. klasse.
Minner også om badinga i varmtvassbassenget i Volda på søndagane.
Elles så startar handballgruppa opp med handballtrening for 2.-4. klasse mandag kl. 17.00- 18.15.
Haldis Fiskå Mo
10.10.2008
... og trimgruppa takkar for godt oppmøte. Vi håper og trur at trimturane har vore ein møteplass, og i tillegg har gitt oss god mosjon og fine naturopplevingar.
Mari-Anne Bjørdal
09.10.2008
Så er handballsesongen i gang igjen!
Handballgruppa startar opp med handballtreningar for dei yngste mandag!
Hilde Sæbønes
09.10.2008
Mandagstrimmen vert no erstatta med trim med stavar. Ta på godt med kle og hugs refleks.
Mari-Anne Bjørdal
03.10.2008
G16 spelar sin nest siste kamp for sesongen laurdag 4. oktober og dette er den avgjerande kampen for kven som blir kresmeistrar!
Håpar mange tek seg tid til å kome å heie gutane fram til siger!
Kampen blir spelt på Sæbø Stadion kl 13.00 mot Sykkylven.