Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - September 2007 » Sport

Attende til hovudsida

Artiklar frå September 2007 i Sport

Mari-Anne Bjørdal

30.09.2007

Årets siste kamp for fotballjentene

I kveld spelte jentene sin siste seriekamp for sesongen. For å verte puljevinnarar kunne dei ikkje tape denne kampen..
Uansett har jentene gjennomført ein utruleg god sesong med tredjeplass i Norway Cup og før denne kampen har dei vunne alt i haustsesongen.

Les heile

Rune Sæbønes

29.09.2007

Opprykket klart for Sæbø

Sæbø er klar for femte divisjon, og det utan å spele sjølv. Opprykksrival Flø tapte nemleg 3-4 for Hødd3/Hasundgot laurdag, og dermed har Sæbø vunne si avdeling i sjette divisjon.Fotballeiar Øyvind Taklo og Tommy Riise Olsen kan sleppe jubelen laus.

Les heile

[7 kommentarar]

Rune Sæbønes

15.09.2007

Sæbø eit steg nærmare opprykk

Sæbø er eit steg nærmare opprykk til 5. divisjon, etter at opprykksrivalen Bergsøy2 vart slått 3-1 på Sæbø stadion (grus) laurdag. Sæbø treng to sigrar i løpet av dei tre siste kampane for å vere garanterte opprykk.

Les heile

[9 kommentarar]

Rune Sæbønes

12.09.2007

Nøkkelkamp for Sæbø laurdag

Laurdag kan Sæbø ta eit langt steg med femte divisjon. Då er opprykksrivalen Bergsøy2 gjester på Sæbø stadion. Greier Sæbø å ta sigeren, er i alle fall Bergsøy hekta av. Det vil fotballeiar Øyvind Taklo vere nøgd med.

Les heile

[2 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

10.09.2007

Blide jenter i nye drakter

Åmdal/Ørsta/Sæbø stilte i kveld i nye drakter til kamp mot Blindheim. Jentene spelte sin fjerde kamp i 1.divisjon. Dei møter her dei sju beste fotballaga i 14-års klassa på Sunnmøre. ÅØS kunne i kveld gå av bana etter nok ein flott kamp.

Les heile

[2 kommentarar]

Rune Sæbønes

09.09.2007

Sæbø slo Åheim 3-1

Sæbø vann laurdag 3-1 over Åheim på kunstgrasbana på Selje i Sogn og Fjorande. Kampen gjekk der fordi grasbana på Åheim fløymde over. Med sigeren har Sæbø stø kurs for femte divisjon.

Les heile

[2 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

04.09.2007

Sæbø sitt G14-års lag

Har ikkje sett bilde av Sæbø sitt G14-års lag på portalen i år så her kjem dei.
Gutane spelte i kveld heimekamp mot Vartdal.

Les heile

Rune Sæbønes

01.09.2007

Sæbø vann greitt mot Gjerdsvika

Sæbø vann laurdag 4-0 over Gjerdsvika på Sæbø stadion. Det vart ein heilt grei siger, og spørsmålet var berre kor stor sigeren ville verte. Kampen var den siste for Terje Holen (på ingressbiletet saman med Lars Urke), som no set kursen for Den Dominikanske Republikk.

Les heile

[2 kommentarar]