Mari-Anne Bjørdal
31.08.2007
J16 med siger 6-4 over Dalsfjord
16-års jentene tok i kveld sin tredje siger i haustserien. I kveld var det Dalsfjord som måtte sjå seg slått 6-4 av dei samspelande Sæbø/Åmdal jentene.
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - August 2007 » Sport
Mari-Anne Bjørdal
31.08.2007
16-års jentene tok i kveld sin tredje siger i haustserien. I kveld var det Dalsfjord som måtte sjå seg slått 6-4 av dei samspelande Sæbø/Åmdal jentene.
Mari-Anne Bjørdal
28.08.2007
ÅØS spelte i kveld kamp mot Sykkylven 1 på Legene i Åmdalen. Det vart ein våt og spennande kamp der ÅØS tok ledelsen 2-0 tidleg i kampen, men då det var pause låg jentene under 2-3..
Mari-Anne Bjørdal
24.08.2007
Sæbø/Åmdal tok i kveld ein komfortabel siger over Bergsøy.Kampen vart spelt på legene i Åmdalen og resultatet vart 10-1.
Rune Sæbønes
24.08.2007
Sæbø vann fredag kveld 9-2 over Kvamsøy/ÅVK2 på Sæbø stadion. Sæbø overkøyrde gjestene. Kven som var dagens helt, er uvisst. Kandidatane er Tommy Riise Olsen (18), som skåra sitt første hat-trick i seniorsamanheng, Øyvind Taklo (34), som skåra sitt første mål på Sæbø stadion etter atten sesongar i Sæbø-trøya, og Dagfinn Strand (50+), som hoppa inn som dommar då oppsett dommar ikkje møtte.
Bodil Skare
23.08.2007
DAMETRIMMEN MED STYRKETRENING STARTAR OPP TORSDAG 6. SEPTEMBER. TRENINGA VERT I GYMSALEN PÅ SÆBØ SKULE KLOKKA 19.00 TIL 20.00.
INSTRUKTØR ER SOM FØR ANNE YKSNØY.
VI YNSKJER ALLE GAMLE OG NYE VEL MØTT!
Mari-Anne Bjørdal
23.08.2007
J14 Åmdal/Ørsta/Sæbø var mandag til Stranda på fotballkamp og kunne reise heim med siger 4-3.
Jentene vann alle kampane sine i vårsesongen og rykte dermed opp i 1 divisjon!
Knut Hustad
13.08.2007
Håvard Myklebust gjorde det sterkt i NM i motbakkeløp i helga. Med tida 1.20.53 vart han nummer 8 i si klasse...(Foto: Karoline Myklebust)
Mari-Anne Bjørdal
05.08.2007
Etter ei fantastisk veke i Oslo kom vi i natt heimatt. Køyreturen gikk fint og alle er einige om at vi har hatt ein kjempeflott tur, både sportsleg og sosial!
Rune Sæbønes
04.08.2007
Her er bronsejentene. Sæbø/Åmdal sitt jente 16-lag stod for ein historisk prestasjon då dei fredag sikra seg tredjeplass i si klasse i Norway Cup. Dei ni jentene frå Hjørundfjorden og dei to frå Åmdalen kunne heve pokalen og ta i mot medaljane for tredjeplass fredag ettermiddag.
Rune Sæbønes
02.08.2007
Jentelaget til Sæbø/Åmdal tok bronsemedaljen i J16 7ar i Norway Cup. Med det har jentene prestert eit historisk resultat for Sæbø IL. Aldri har noko lag gjort det betre.
Mats Riise
01.08.2007
Gutane hadde walkover i sin kamp og hadde difor pause. Jentene derimot møtte i 16-delsfinala eit Harøy-lag som hadde med seg 20plussmål frå gruppespelet .