Rune Sæbønes
28.08.2006
Sæbø framleis på tabelltoppen
Sæbø held framleis tabelltoppen i sjette divisjon avdeling 2. Serierunden vart avslutta med overraskande resultat, då både Åmdal og Bergsøy2 spelte uavgjort
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - August 2006 » Sport
Rune Sæbønes
28.08.2006
Sæbø held framleis tabelltoppen i sjette divisjon avdeling 2. Serierunden vart avslutta med overraskande resultat, då både Åmdal og Bergsøy2 spelte uavgjort
Rune Sæbønes
28.08.2006
Sæbø skåra mot Hødd på Sæbø stadion måndag kveld. Det var G 13-laget som stod for bragden. Rett nok vart det tap mot dei topptrente ulsteinvikingane. Til no i sesongen har det vorte mange mål for Sæbø G-13, og både sigrar og tap.
Rune Sæbønes
28.08.2006
Laget frå Forsvarets vinterskole vann Commandoraid 2006 i Sunnmørsalpane. Karane frå vinterskulen vann ikkje fordi dei var raskast, men fordi dei var smartast. Premiane fekk løparane under føremiddagsopstillinga på grusbana på Sæbø.
Rune Sæbønes
26.08.2006
Sæbø tapte laurdag 3-5 for Flø. Tapet kom fordi Sæbø ikkje greidde å spele slik laget kan i første omgang, og sjølv om andre omgng var god, var det ikkje nok. Flø stilte også med eit mannskap fleire lag i sjete divisjon vil få problem med utover sesongen. Geir Televik er nemleg på plass.
Rune Sæbønes
24.08.2006
Måndagstrimmen held fram på ettersommaren og hausten. Allidrettsgruppa i Sæbø IL ynskjer både tidlegare og nye deltakarar velkomne.
Rune Sæbønes
22.08.2006
Sæbø sine smågutar (G 14) vann tysdag kveld 11-6 over Vartdal. Sæbø leia 7-4 ved pause. Vartdal kom sterkt i byrjinga av andre omgang, men Sæbø svara og vann klart.
Rune Sæbønes
21.08.2006
Sæbø vann måndag 7-0 over Gjerdsvika på Sæbø stadion. Sæbø leia 2-0 ved pause, og i andre omgang køyrde Sæbø over gjestene. Sæbø er dermed på toppen av tabellen.
Rune Sæbønes
16.08.2006
Sæbø vann onsdag kveld 3-1 over Tjørvåg på Tjørvåg-grusen. Sæbø var solide, og vann fullt fortent. Sæbø er dermed for alvor med i opprykkskampen i sjette divisjon.
Rune Sæbønes
06.08.2006
Ørsta vann Sæbø-cupen i helga, etter at laget vann 2-1 over Vartdal i finalen. Ørsta tok dermed første napp i den nye vandrepokalen. Sæbø vart nummer tre i turneringa.
Rune Sæbønes
05.08.2006
Ørsta leier Sæbø-cupen etter to dagar. Laget har eitt poeng meir enn arrangørklubben Sæbø. Men også Vartdal og Hovdebygda har sjansen på å nå finalen. Åmdal er hekta av.
Rune Sæbønes
04.08.2006
Marius Riise skåra to mål, og sikra med det sigeren til Sæbø mot Åmdal i Sæbø-cupen fredag. Sæbø vann 2-1, og fekk med det ein god start på si eiga turnering.
Rune Sæbønes
01.08.2006
Fredag, laurdag og søndag er det klart for den årvisse Sæbø-cupen. For første gong går turneringa over tre dagar. Det er fordi både spelarar og publikum skal ha mulegheit til å delta i Saudehornet Rett Opp.
Rune Sæbønes
01.08.2006
Sæbø-jentene tapte tysdag 0-5 for Bangsund i Norway Cup. Med det resultatet er det klart at Sæbø går til B-sluttspelet i klasse U, jenter 16 år. Sæbø-jentene tok ikkje tapet altfor tungt. Rett etter kampen bar det mot Tusenfryd.