Knut Hustad
20.02.2014
Timelapse frå Sæbønestua
Takka vere Erlend Hustad Honningdalsnes har Sæbønestua no fått sin eigen timelapse...
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Februar 2014 » Natur
Knut Hustad
20.02.2014
Takka vere Erlend Hustad Honningdalsnes har Sæbønestua no fått sin eigen timelapse...
Stig J. Helset
13.02.2014
Sommaren 1903 kleiv dei skarpskodde engelske fjellklatrarane W. Norman Ling og Harold Raeburn Slogen direkte frå fjorden. Raeburn var ein av dei fremste alpinistane i verda i si tid, seinare kjend for å ha vore med på den store Everest-ekspedisjonen til Mallory på 1920-talet. I boka “Tindekliv på Sunnmøre” skriv den lokale klatrepioneren Dagfinn Hovden at Slogen frå fjorden utan jamføring var “den lengste og vanskelegaste klatreruta som var kliva i Noreg” i 1903, og Raeburn skreiv sjølv at ho kravde “langt meir enn det krevst på den Italienske eller Schweitsiske sida av Matterhorn”. For underteikna har det lenge vore ei målsetjing å fullende prosjektet til engelskmennene og seinare lokale pionerar ved å vinterklatre dei gamle rutene og pinaklane i Sunnmørsalpane. Slogen frå fjorden om vinteren synte seg å vere det mest krevjande av dei alle. Vi trengte heile tre freistnader før vi endeleg lukkast den 8. februar 2014.