Arve Kvistad
30.03.2012
Topptur på Gran Canaria
Hjørundfjorden og Gran Canaria har kanskje ikkje akkurat det same klimaet, men likevel litt til felles. Fjell og snø. Er en hjørundfjording, blir en gjerne litt nyskjerrig på slikt. Langt frå strendene, bak hotella, opp dei gulbrune toppane ein ser i horisonten på Gran Canaria, ligg fjellområde som har fått namna sine frå det spanske ordet for snø, Nieves. Ja, det hender framleis at det er kvitt på toppane etter ei kald vinter natt. Men i dag smeltar sola det vekk straks ho er over horisonten. Under "den lille istid" som var på den norlige halvkule fram til 1800 talet var det kaldt nok her til at snøen vart liggande. Snøen vart faktisk samla i brønner og selt som ei luksusvare til dei velståande i Las Palmas.