Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mars 2011 » Natur

Attende til hovudsida

Artiklar frå Mars 2011 i Natur

Ivar Svein Mo

30.03.2011

Påskemotiv sett frå Skår

Det nærmar seg påske og vår. Gamle bilder frå tidlegare påsker har vorte sett på, og Marit og Bente Skaar kom over dette bilde. Bildet viser korleis Hjørundfjordfjella kan sette fantasien i sving...

Foto Bente Skaar: Bilde er tekje frå Skårabakkane ut gjennom fjorden midt på 90-talet.

Les heile

[1 kommentar]

Stig Helset

12.03.2011

Brekketindane - revisited

Påska 2010 gjorde eg ein framstøyt på Store Brekketind i lag med min faste turkompis Åsmund Vaage. Den enda vellukka på det viset at vi fekk ei spektakulær nedkøyring i rennesystema frå toppskaret ned mot Gullmorbreen. Men den gongen var vi ikkje like heldige med veret og snøkvaliteten med omsyn til toppstøting. Derfor bestemte vi oss for å gjere ein ny freistnad i det gnistrande fullmåne-veret som var i slutten februar i år. Denne gongen hadde vi med oss eigen fotograf: Eirik Vaage. Det er ikkje berre, berre å turnere i lag med slike tvillingbrør, men alt i alt tykkjer eg at det er verdt slitet.

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Riise

06.03.2011

Dalegubben, nabo og turmål gjennom ein mannsalder.

Dalegubben ligg der så liten og anonym i enden på Skondalen. Eg kan knapt huske den som noke særleg turmål då eg var ungdom.
Siste åra har den vorte svært så populær både sommar og vinter, og no er den kjendis på BBC så millionar kan nyte utsikta derifrå.
Ein gong på 60 talet gjekk eg dit åleine ein søndag. Det var eit uventa syn som møtte meg og gjorde intrykk. Eg gjekk ned att mot Høgereset og traff Snakkarflåa, og kom dermed ned ein snarveg som eg også har nytta seinare, både opp og ned på tøyamark.
Eg har lagt til merke at det vert skrive Dalagubben. Det er ei form eg aldri har høyrdt vore sagt. Vi har alltid sagt Dalegubben.

Les heile

[2 kommentarar]