Stig Helset
31.07.2010
Austegga på Kvitegga (1717 moh)
Skituren frå Snødalen til Kvitegga er vidgjeten mellom dagens fjellfolk. Men ikkje alle veit at dette høgste av fjella i Sunnmørsalpane også byr på ei flott klatrerute. Sommaren 1900 leidde den kjende engelske fjellpionèren William C. Slingsby det første klatrelaget som kleiv den steile og kvasse austegga på fjellet. I tiåra som fylgde blei denne flotte klatreruta repetert av ulike engelske og norske klatrelag som heldt til på Hotel Norangdal. Etter at hotellet stengde dørene i 1960, dabba interessa for austegga av. Men no har hotellet opna att, og vi vart lovde boblebad, trerettars middag og Slogen-øl om vi klarte å reopne denne 110 år gamle klatreruta som startar like ovanfor det fantastisk flotte Villa Norangdal på Fivelstadhaugen. Det er klart vi takka ”ja”.