Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - November 2010 » Natur

Attende til hovudsida

Artiklar frå November 2010 i Natur

Stig Helset

30.11.2010

Isklatring i Dalsfjorden

Båe orda i overskrifta peikar i retning av at det som no kjem, er på grensa til kva ein bør leggje ut på Hjørundfjordportalen under "Toppturar i vinterfjell", men eg tek no sjansen likevel, sidan Knut Hustad har bede meg om å vere liberal på dette punktet. Slik følgjer no ei mindre skildring av ein friluftsaktivitet som ikkje er så veldig utbreidd på våre kantar, og den er altså henta frå ein stad som ligg eit stykke frå Hjørundfjorden. Det får med dette bli opp til den einskilde om han eller ho vil lese vidare eller ikkje.

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

02.11.2010

Hummarfiske i Hjørundfjorden

Så kjem der ei teine over rekkja med ein fin hummar i – ein hummar som er godt over minstemålet på 25 cm. No kan vel festbordet på Sæbøneset dukast og dekkjast – men nei: - Denne har utvendig rogn. Han må på sjøen igjen. Ole forklarar, snur hummaren og dermed ser vi ei flott, svart rogn som får rogna til den russiske støren til å bleikne i samanlikning. Så let Ole denne havets kardinal fare attende dit han kom ifrå.

Foto t.h.: Hummarfiskar Ole Flatnes

Les heile

Hermod Velle

02.11.2010

Når enden er god..........

Siste kapittel i historia om dei bortkomne sauene vart skrive sist laurdag. Endeleg lukkast vi å finne desse sauene som har leika katt og mus med oss i heile haust. På over 855 m.o.h. i Sykkylvsdalen openberra dette fantastiske synet seg - det var nesten ikkje til å tru!

Les heile

[3 kommentarar]

Kjartan Alnes

27.11.2010

Raude å fine!!

Nå vil noen si at det er ikke noe utfordring i å fiske røye etter som di fleste vann er overbefolket av nettopp røye.
Vel sant nok, men det å finne hvor den rette plassen der ” tusenbrødrene ” møtes er noe annet.

Les heile

[4 kommentarar]