Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - November 2009 » Natur

Attende til hovudsida

Artiklar frå November 2009 i Natur

Yngve Frøland

30.11.2009

Skred og skredfare i vinterfjellet

Fjella i Hjørundfjorden har hatt ei lokkande effekt på mennesker i lange tider. På slutten av 1800-talet kom folk langvegs frå for å oppleve dei kvasse tindane. I seinare tid har også dei fastbuande funne verdi i fjella utover det å gi føde til folk og fe. Nokre går i fjella for rekreasjon, andre for naturoppleving og nokre for å søke spenning. Vi nærmer oss høgsesong for ski- og toppturar og det ser ut til at skiturar, spesiellt i bratt terreng, vert meir og meir populært. For dei som planlegg å ta turen i vinterfjellet kan det være ei billig forsikring å sette seg litt inn i dei kreftene som ligg lagra i dei kvitkledde fjella.

Les heile

[1 kommentar]

Sverre Måseidvåg

26.11.2009

Guajara - 2715 moh

Det vart ein fjelltur meir på Tenerife i november. Denne gongen til guanchane sitt heilage fjell Guajara som ligg i kanten på det største vulkankrateret i verda, Las Cañadas, over 40 km i omkrins. Normalvegen er på "baksida" av fjellet, 4 1/2 t. lang og grei. Eg valte snarvegen på framsida, som vi ser på biletet, den er også handterleg og litt meir variert. Men det mest spennande med turen er den fantastiske utviklingshistoria som knyter seg til dette eineståande landskapet - og utsikta frå toppen.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

13.11.2009

Jeksla

- Vi satsar på Jeksla, sa Fred Ingar i det vi sette oss inn i bilen. - Ok, sa eg. Eg forstod kvifor... (På foto til høgre ser vi Fred Ingar Somby på Jeksla)

Les heile

[6 kommentarar]

Stig Helset

13.11.2009

Vinterkliv på Skårkongen

Sommaren 1933 gjorde Helge Hagen to åtak på fjellnåla Skårkongen, som ligg på den lange og kvasse eggja som fører opp til Skårasalen frå syd. Første gongen hadde han med seg Eirik Heen, men då bomma dei og kleiv nabonåla Jeksla. Tre veker etterpå kom Hagen attende med Magne Flem på laget. No fann dei fram, og kunne som førstebestigarar setje varde på den siste ubestigne og vanskelegaste fjellnåla i Skårtindane. Laurdag 7. november ville vi freiste å bli dei første til å klive Skårkongen under vintarlege tilhøve.

Biletet syner Åsmund Vaage i starten på sjølve pinakkelen. Foto: Stig Helset

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Riise

20.11.2009

Ei novembernatt i høgda

For oss som er for gamle til å rote i jaklane til Kvistadkjæringane, fins det heldigvis andre kjekke turmål i Hjørundfjordfjella.
Å overnatte i ei varm hytte på Stokkehonnet er rein nyting for eit par som endå har glede av å bruke føtene i fjellet.

Den slanke mannen på biletet er den då nokre og 40 år gamle L.P. Strandmann som monterer pipa på "Ørnereidet".

Les heile

[2 kommentarar]