Enok Kippersund
29.11.2008
Grepa kalender!
Hjørundfjord-kalenderen kom i dag, og min spontane reaksjon er: Kjempeflott! (ikkje minst samanlikna med andre kalendrar i same sjanger)
Bildekvaliteten er førsteklasses, frisk og fargesterk, og motiva kjem til sin nære og fulle rett. Fotoarbeidet er ypparleg (mange gode fotografar i fjorden). Her kan du bli så svimmel at du må halde deg fast i minst to stolar, og du kan bli så svolten på fisk at fjorden får seismisk sjokk.
Kalenderen er redigert på ein sikker måte, og då slik at ein kan ane ein viss strategi: Fjorden er fantastiske fjell, ski ski ski, naturturisme, friluftsliv, fiske, spesielle attraksjonar. Smeis!
Som gledespreiar er dette glitrande godt, og som "marknadsføring" skikkeleg bra.
Hurra heile året for Hjørundfjorden!