Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - August 2017 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå August 2017 i Lokalnytt

Knut Hustad

30.08.2017

Dalegubben - tilbake på toppturkartet

1344 meter høge Dalegubben, fjellet ved Sæbø sentrum, er eit av dei beste utsiktspunkta i Hjørundfjorden. Toppen får no eiga offisiell rås og fredag den 1. september klokka 1100 vert råsa opna av Noregs mest kjende sunnmøring, adm.dir i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold...

Les heile

[1 kommentar]

Kari Stokke

23.08.2017

Nilsbuda stengjer for i år

Det går mot slutten av august månad og Nilsbuda førebur seg på å stengje for denne gong.
Vi har hatt ein heilt fantastisk sesong og takkar alle som har vore innom oss.
Om du ikkje har tatt turen tidlegare i sommar har vi framleis mykje fint i butikken og held ope laurdag 26. og søndag 27. august kl. 11.00 - 16.00.
Og svelerøra, den vert sjølvsagt klar!

Det vert ellers mykje aktivitet på Sæbø fredag og laurdag, då eigarane av Sæbø Dampskipsekspedisjon (Dampen) arrangerer Hjørundfjord fiskefestival 2017.

Les heile