Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mai 2015 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå Mai 2015 i Lokalnytt

Kari Stokke

27.05.2015

Nilsbuda opnar for sesongen

For sjette år på rad vert det sommarbutikk i dei trivelege lokala til den gamle Årseth-butikken på kaia på Sæbø.

Og når Nilsbuda opnar veit vi at sommaren er like rundt hjørnet.

Ope laurdag 30. mai og søndag 31. mai kl. 11.00 - 16.00

Les heile

Knut Hustad

12.05.2015

Bakeriet opnar

Vêret er av den kjølegare typen, men våren er her for fullt og helgedagane og fridagane står i kø. Men fortvil ikkje - på Sæbø har vi opne butikkar og Strands bakeri opnar dørene allereie i morgon onsdag 13. mai..

Les heile

Ivar Svein Mo

12.05.2015

Fredsmarsj 70 år etter 8.mai 1945

Trass snøbyger, surt og kaldt, gjekk fredsmasjen frå Tvergrova som planlagt. 17 starta heilt i frå Tvergrova og fredstoget vaks etterkvart som det gjekk nedover dalen. På Holebrua kom generasjonskopset inn og i lag med flagg frå dei fleste flaggstengene i dalen, var det ikkje langt unna 17. mai stemning.

Les heile

[1 kommentar]

Ivar Svein Mo

07.05.2015

Fredsmarkering 8.mai

Det er 70 år sidan vi fekk att freden i landet. Det er offisiell flaggdag og vi går i tog og held festgudsteneste. Trimgruppa startar med fredstog frå Tvergrova kl.17 og samlar folk mot Sæbø. Generasjonskorpset sluttar seg til toget på Holebrua og det vert korpsmusikk i toget ned mot kyrkja der det vert gudsteneste kl.19.30. Det er oppsett båt frå Lekneset kl.19.00

Les heile