Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Juni 2014 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå Juni 2014 i Lokalnytt

Hjørundfjordheimen Sæbø

24.06.2014

Gardsdag på Hjørundfjordheimen.

Vi hadde so lyst til å smake meir på gardslivet, etter vi fekk ha nærkontakt med lamba i vår.
Derfor har vi planlagt ein dag med hesjing og andre gardsaktivitetar på torsdag 26 juni.
Vi oppfordrar alle småbornsfamilier, og andre intresserte til å kome å hjelpe oss ute frå kl 1400.
Vel møtt!

Les heile

Kari Stokke

15.06.2014

Nilsbuda har opna for sommaren

Laurdag 31. mai opna Nilsbuda for sommaren for femte år på rad.
Som tidlegare held dei ope laurdagar og søndagar i juni og august og kvar dag i juli.
Plasseringa på kaia på Sæbø dannar ei unik ramme rundt butikken og inne finn du eit fantastisk utval av lokalprosusert handarbeid og kunsthandverk.

Les heile

Lars Vatne Nielsen

09.06.2014

NY DATO! Vårfest blir til sommerfest laurdag 14/6

Hestesko, grilling, terningspel, godt selskap, latter, mange gode historier, quiz, sang og kanskje litt gitarspel - Sæbø gubbe- og vaxentrim står for dette arrangent på Kapteinkvia laurdag den 14. juni frå kl. 19:00. ALLE som har lyst på ein koseleg kveld er velkomen og sist kom godtfolk frå heile Bondalen og Hjørundfjorden. Grillkol blir kjøpt inn og vi tenner opp i det nye grillhus. Ta med 50,-, grillmat, drikke OG GODT HUMØR :-)

NB! Vi har endra datoen grunna dobbel booking av vor flotte "utestove". Håper på å sjå mange glade folk. Bli med OG gjør dette til ein FANTASTISK kveld.

Les heile