Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - April 2013 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå April 2013 i Lokalnytt

Aanon Aanonsen

27.04.2013

Flaskeinnsamling

Handballgruppa kjem med ny flaskeinnsamling. Tirsdag 30. april - torsdag 2. mai vil blide handballspelarar kome rundt til alle husstandar i Bondalen, Sæbø, Urke og Øyelandet.


Vi har etterkvart vorte heilt avhengig av støtta vi får frå flaskeinnsamlingane. Vi har rekningar som må betalast og treng all støtte vi kan få.
Pengane går til utstyr og div. andre utgifter som fyl med det å drive ei handballgruppe.

Vi takka for all støtte vi har fått tidlegare, og vonar det vert mykje flasker å finne denne gongen også :-)

Les heile

Ivar Svein Mo

27.04.2013

Avskilgudsteneste og kyrkjekaffi

Søndag 17.januar 2010 vart Rolf Dyrhol innsett som ny sokneprest i Hjørundfjorden av Biskop Ingeborg Midttømme. Komande søndag 28.april tek soknepresten avskil med soknet i sin avskilgudsteneste for å gå inni pensjonistane sine rekkjer...

Les heile

Ivar Svein Mo

26.04.2013

TAKK FOR MEG.

No ebbar april 2013 ut. Og 30. april er min siste dag i fast arbeid.
Heretter vert det pensjonsittilvære. Og i grunnen kjennest det godt.

Les heile

[1 kommentar]