Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Februar 2013 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå Februar 2013 i Lokalnytt

Kari Stokke

17.02.2013

Besøk på strikkekafeen onsdag

Det går mot vår og dei store garnleverandørane har gjort klar kolleksjonar med flotte plagg i nye og kjende kvalitetar.

Onsdag kjem Ingrid Salt frå Volda Mode til strikkekafeen på Sæbø. Dersom dei nye brosjyrene er komne ut til butikkane vil ho kunne vise fram noko av det vi har i vente av modellar for varmare dager.

Les heile

Lars Vatne Nielsen

09.02.2013

Suksess med festleg lag

Gubbetrimgruppa hadde festleg lag fredag 8/2.
Først vart det volleyball på meget høgt plan og etterpå festleg lag på klubbhuset. Ein kveld med flotte "gubber" i veldig godt humør, musikkquiz, terningspel (bluff), kronerulling (til små mål) og mykje god mat. Alle var einige om "dette må vi gjere igjen".
Tusende TAKK til alle som deltok og en takk fruer og familier som kanskje å har bidragen :-)

Gubber: Vi sjåast til trening tysdagar kl. 20:00

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordportalen Administrator

05.02.2013

Telefonsvindel

Edith Flakk er nystarta innen netthandel med sida si http://www.bergteken.no/
Her om dagen vart ho utsett for ein svindeltelefon som ho gjerne vil advare andre mot...

"Special price for you my friend"

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

05.02.2013

‘’Morsdagsbuffet’’

Førstkomande søndag er det morsdag og Sagafjord hotell på Sæbø ønsker å sette fokus på morsdagen ved å invitere til "Morsdagsbuffet"
Det er sjølvsagt open buffet for alle, men sidan det er morsdag, er mødrene spesiellt i fokus denne dagen.

Kokken Mats Axelsson er klar på søndag med menyen.

Les heile

Ivar Svein Mo

01.02.2013

Vi vert vitja av tidl. sokneprest Svilosen

Tidlegare sokneprest i Hjørundfjord, Arne Svilosen, er på våre kantar.
Difor byd Hjørundfjord sokneråd inn til temagudsteneste søndag 3. febr. kl. 20.00 der ein kan få møte Arne. Etter gudstenesta vert det "kveldsmat" på Bedhuset. Alle er sjølvsagt velkomne.

Les heile