Kari Stokke
24.04.2011
Dekkskiftaksjon
Komande helg er siste frist for å skifte frå piggdekk til sommardekk (første måndag etter 2. påskedag).
Dersom du ikkje allereie har skifta dekk på bilen din, er det hjelp å få laurdag 30. april.
Då vil foreldre og elevar i 8. og 9. klasse ved Sæbø skule skifte og vaske dekk for den som kvier seg for å gjere jobben sjølv.