Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Januar 2010 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå Januar 2010 i Lokalnytt

Hjørundfjordportalen Administrator

29.01.2010

Ein vinterdag med naturen sin eleganse

Randi og Helge Nordang møtte siste søndag desse elegante fuglane på Moavegen i Bondalen. Var det den eldre garde som var ute og lufta ungdommen? I allefall var ikkje Randi sein om å finne fotoapparatet og fekk teke dette bilde gjennom frontruta...

Les heile

[2 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

18.01.2010

Ordinasjonsgudsteneste i Hjørundfjord kyrkje

Søndag 17. januar vil verte hugsa som ein stor dag i Hjørundfjorden. Ståle Johan Aklestad vart då ordinert til prest av biskop Ingeborg Midttømme og Rolf Låge Dyrhol vart innsett som sokneprest i Hjørundfjorden av prost Evy Kvamsdal.

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordportalen Administrator

18.01.2010

Brannvernet har hatt ei travel helg

Det har vore helg med aktivitetar over det normale for brannvernet på Sæbø. Laurdag var det brannutrykning til Sagafjord Hotell og søndag var det meldt at ein båt held på å gå ned ca. 50 meter frå land. Men i begge i tilfella gjekk alt bra utan noko meneskelege skadar...

Foto: Barnehagen på Sæbø

Les heile

[2 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

14.01.2010

Legekontoret på Sæbø og Bjørke vert stengt i to veker

Oppdatering av nyhende.

Klikker du på annonsa for legekontoret på Sæbø, vil du sjå at kontoret vert stengt frå Måndag 18.januar i to veker. Dette kjem også i ei fellesannonse i laurdagens utgåve av Møre-Nytt, og Hjørundfjorden vert utan legedekning desse to vekene

Bilde th. er frå ein kald vinterdag innover Hjørundfjorden 7.januar 2010. Ein kan sjå ferja kome utav frostrøyken. (Foto ISMo)

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

14.01.2010

Ståle vert prest

Førstkomande søndag vert det stor ståhei i Hjørundfjord kyrkje på Sæbø. Biskop Ingeborg Midtømme kjem, det same gjer prost Evy Kvamsdal, sokneprest Rolf Dyrhol osb., men midtpunktet vert Ståle Johan Aklestad, for søndag skal han verte prest.
Men sine 125 mm breie ski - på midten - har han ikkje tenkt å legge bort...

Les heile

[2 kommentarar]

Åse-Lill Leknes Kvistad

06.01.2010

Handballtrening!

Vil minne om at handballtreningane for gutane og jentene starta på igjen i morga... Gutane kl 17.00 og jentene 18.30 som vanlig.. Håpa på å sjå like monge fjes i 2010 som i 2009... Vel møtt! :)

Les heile

[1 kommentar]