Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - August 2009 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå August 2009 i Lokalnytt

Siw Lillebø

30.08.2009

Regnfyllt sykkelløp på Sæbø

Det var VÅTT, KJEKT OG FOLKSAMT på det årlege sykkelløpet til Barneidretten i Sæbø IL. Trass i at værgudane ikkje var med oss var deltakinga bra. Nedbør stoppar ikkje ein god Sunnmøring/ Hjørundfjording i å delta på eit lokalt arrangement. Her har vi klede for alle værtypar.

Les heile

Siw Lillebø

20.08.2009

Endeleg er dagen komen....

Så er dagen endeleg komen, og 2003 årskullet er blitt skulebarn. Ein spent gjeng på 11 elevar, 6 gutar og 5 jenter. Og kanskje ei like spent lærarinne, nyutdanna Kristin Riise framma Jogarden.

Les heile

[4 kommentarar]

Per Urke

13.08.2009

Ro, ro og kaihistorie

Bygdevandringa under Urke-Helg 2009 slutta på kaiområdet.

Keip, tilje, tofte og geil er ikkje ein del av daglegtalen for dei fleste.

At det var 18 formenn og ein arbeidar då kaia vart bygt, er berre ei god historie. Det var slit og sveitte gjennom tre år.

Les heile

Per Urke

11.08.2009

Bygda, elva og bruene

Urkeelva har prega livet i Urkebygda på både godt og vondt.
Før 1871 rodde ein mellom Ytre- og Indre Urke. Men etter som tida gjekk, retta det seg etter kvart, her og.

Historia om bruene over elva var tema under Urke-Helg 2009.

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

10.08.2009

Leik og moro på sætrevollen

Urke-Helg er vel i hamn og arrangørane hadde og tenkt på at ungane skulle få tilbod. På kaia var det fiskekonkurranse laurdag, medan det var leik på sætrevollen søndag.

Les heile

Per Urke

10.08.2009

Åfalleringe - tradisjon i snopeform

Her er det som får oss velvaksne til å sikle. Smaksopplevingar frå gamle dagar dukkar opp.

Og då ungane fekk høyre at dette var softis frå sætra, var det alle som ville smake og alle likte dette ukjende snopet. I tillegg fekk vi flatbrød.

Les heile

[6 kommentarar]