Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Februar 2009 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå Februar 2009 i Lokalnytt

Perry Bjørke

28.02.2009

Open dag i Leiratunellen

I morgon Laurdag den 28 februar vil Mesta markere at dei er komne over halva inn i Leiratunellen.
Mesta byr derfor inn bygdafolket i Storfjorden til open dag.
Tidspunktet blir mellom 1130-1500
På grunn av sikkerheita må folk deles opp i grupper og folk må skrive seg inn i en protokoll før dei får gå inn i tunellen.
Det kan derfor bli ventetid når du kjem til Leira.
Les meir.

Les heile

[2 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

26.02.2009

Bustader på Prestegardsmarka

Formannskapet gjev samrøystes klarsignal til at det kan regulerast bustader på Prestegardsmarka. Det er grunneigaren Opplysningsvesenets Fond som vil ha bustader der. Formannskapet sin motivasjon er at det kan gje ny busetjing og folkeliv (biletet) på Sæbø.

Les heile

[8 kommentarar]

Knut Hustad

18.02.2009

Høgspent og vedfyring

- Nei, vi veit framleis ikkje kven som felte treet over høgspentlija i Bondalen i går, seier Tormod Eldholm ved Tussa vaktsentral, men det var fin sporsnø...

Les heile

Hilde Muren

16.02.2009

Barnehageopptak 2009/2010

Sæbø barnehage får mange ledige plassar frå 1. august. Frist for å søkje er 1. mars, og nye søkjarar nyttar elektronisk søknadsskjema som de finn på heimesidene til Ørsta kommune. Det gjeld og barn som ønskjer å auke plass-storleiken sin eller som ønskjar overføring til annan barnehage.

Les heile

[1 kommentar]

Knut Riise

11.02.2009

Reguleringskart for Sæbø

Det er no litt gale å gøyme vekk planen, eller rettare sagt halve planen. Her er i alle fall heile reguleringsplanen.



Nils Taklo opplyser om at dette ikkje er gjeldande reguleringsplan. Den som gjeld for riksvegen er frå 1997 og der er riksvegen teikna inn ned mot sjøen på nordsida av Hjørundfjordheimen, der branngarasjen ligg. Vidare går den mellom Bellingen og FK lageret.

Den planen som her er presentert er eit forslag til reguleringsplan. Ei slik regulering tek vel også tid?

Les heile

[16 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

11.02.2009

Legestillingane utlyste

Ørsta kommune har no lyst ut legestillingane med utsett søknadsfrist for Hjørundfjorden og Vartdal, får hjorundfjord.no opplyst med helseleiar Frode Urke i dag. Stillingsannonsa er å finne på sidene til "Tidsskrift for den norske legeforening" Sjå annonsa her på portalen...

Bilde th. er frå Kvistadkjeringane aug.08.Til høgre ser ein Urke.

Les heile

Hjørundfjord bygdemobilisering

03.02.2009

Millionar til Sæbø

Hjørundfjord bygdemobilisering fekk idag den etterlengta meldinga frå Vegvesenet gjennom Ørsta kommune, at Vegvesenet tek opp til handsaming den gjeldande reguleringsplanen og inviterer Sæbø med til ei tettstadfornying...

Les heile

[35 kommentarar]