Sondre Kristoffer Mo
23.06.2008
Cruiseskipet ”Mona Lisa” besøkte Hjørundfjorden i dag!
I overskya vær kom Mona Lisa tøffande inn gjennom fjorden som årets tredje cruiseskipanløp…
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Juni 2008 » Lokalnytt
Sondre Kristoffer Mo
23.06.2008
I overskya vær kom Mona Lisa tøffande inn gjennom fjorden som årets tredje cruiseskipanløp…
Hjørundfjordportalen Administrator
21.06.2008
Det var annonsert friluftsgudsteneste på gamle Rise i morgon, søndag 22.6- kl.12.00, men i dag laurdag har vi hatt regn av det verste slaget, og uansett betre meldingar til i morgon, så må nok gudstenesta flyttast inn....
Bilete th. er frå gamle Rise 2007
Ingvil Flatnes
21.06.2008
Det regna trutt under dugnadsarbeidet på Sæbø/Kapteinkvia laurdag.
Helge Strand
20.06.2008
Ny redaktør i møre-Nytt....
Knut Hustad
20.06.2008
Allereie få minutt etter at laksesesongen i Bondalselva var opna klokka 0600, hadde Dietrich Bochenau landa den første laksen, men han var slett ikkje den einaste som fekk fisk...
Hilde Muren
17.06.2008
Sæbø-nemnda i Bygdeutviklinga sakna tidlegare i år eit turistkart over Sæbø og Bondalen. Det er no laga på dugnadsarbeid av dyktige damer frå Sæbø. Kartet er hengt opp på vestsida av Sæbøbygg. Eg har ein kopi att, interesserte kan kontakte meg.
Helge Strand
16.06.2008
Debatt på internett....
Knut Hustad
12.06.2008
I dag var direktøren ved Sagafjord Hotell på Sæbø, Sigurd Torheim(foto til høgre), ein glad mann - 90 meter med ny flytebrygge kom nemleg på plass ved hotellet...
Knut Hustad
11.06.2008
- Sjølvsagt er det vemodig at hotellet no vert selt, men eg er sikker på at den nye eigaren tek Hotell Union Øye AS vidare på ein god måte, seier Johan B. Øye.
Hilde Muren
11.06.2008
I dag vart gamlebålet på Kapteinkvia fjerna, heile tre lass med aske, metall og rusk vart køyrt bort. I tillegg fekk vi retta på nyebålet som allereie no viser ei lite heldig utvikling.
Hilde Muren
11.06.2008
Torsdag 5.juni, i all stillheit, vart dei kommunale toaletta på Sæbø (uoffisielt ny)opna.
Hjørundfjordportalen Administrator
10.06.2008
Hjørundfjorddagane 08 gjekk som planlagt 7.-8.juni.Laurdag var det tropevarme, men på søndag kom regnet etter ei lenger fineversperiode...
Helge Strand
09.06.2008
Villaksen.....
Knut Hustad
09.06.2008
Hovudutstillaren under årets Hjørundfjorddagar, Kjell Idar Saure, er svært godt nøgd at så mange fann vegen til utstillinga hans på Sæbø i helga...
Hilde Muren
06.06.2008
Gamlebålet er brent ned og bålrestane skal snart gravast opp og kjørast bort. Den nye bålplassen er steinlagt, men enno ikkje ferdig. Mellom anna skal det leggast bålsteinar rundt for å avgrense plassen slik at bålet ikkje flyt utover. Inntil dette er gjort, oppmodar vi alle på det sterkaste: Vent med å legge på bålmat til alt er gjort klart - ganske snart.
Hilde Muren
06.06.2008
Sæbø IL, gutar 16år, var i dag på kamp på Vartdal. Ein av spelarane måtte heim med ferga til Leknes. På Rekkedal såg vi at vi ikkje ville rekke ferga, og trengte fem minutt ekstra. Derfor ringte vi opp ferga og ba dei vente litt, slik at spelaren vår slapp å vente over ein time til neste avgang.
Hilde Muren
04.06.2008
I dag gjekk barnehagen på besøk til fellesfjøsen på Rise. Turen var ikkje planlagt, og ingen viste at vi kom. Likevel vart vår store flokk godt mottatt og vi fekk sjå oss rundt.
Ivar Svein Mo
02.06.2008
Etter reportasjen på laurdag om storken som kom på besøk, så måtte vi ha litt meir informasjon om kva han gjer her.Det var då ganske enkelt å ta kontakt med vår naturekspert Alv Ottar Folkestad...
Per Urke
02.06.2008
I samband med URKE-HELG 2008 skal vi kaste meir lys over eit gammalt mysterium. Det er meir enn 100 år sidan namnet Underverket vart teke i bruk, men berre nokre få veit kvar det ligg og kva som gøymer seg der.
Vi inviterer deltakarane til tur laurdag, 9. august og saman med oss har fleire medlemmer i Ålesund og Omegn Geologiforening sagt at dei vil vere med.
Per Urke
01.06.2008
URKE-HELG 2008 skal gi tilbod til både unge og vaksne.
Vi inviterer til: "Ein halvtime under stjernehimmelen med Stjerneteltet". Torbjørn Urke har gjennom åra vist stjernehimmelen for tusenvis av skuleelevar rundt om i landet. Men på Urke har vi aldri fått vere med før...
Laurdag, 9. august frå kl. 14 - 17 er du velkomen til Grendahuset!