Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mai 2008 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå Mai 2008 i Lokalnytt

Ivar Svein Mo

31.05.2008

Bygdemobiliseringa lukkast..

Hjørundfjord bygdemobilisering har jobba målbevisst i over to år, og no kjem det eine etter det andre på plass. Om eit år er mobiliseringa ferdig, og det er ikkje berre rekneskap over dugnadstimar som skal overleverast til Fylkesmannen, men dokumentasjon om bygder med store endringar. I dag fekk vi heilt klart eit sikkert teikn på at det vil verte fleire av oss...
T.h.Ein kjempefugl svever over Moane

Les heile

[4 kommentarar]

Per Urke

31.05.2008

URKE-HELG 2008

Med friskt mot presenterer Urke Grendalag opplegget for komande URKE-HELG 2008 - 8., 9. og 10. august.

Under denne vignetten vil vi i dagane framover orientere litt om dei planlagde og ikkje planlagde innslaga gjennom URKE-HELGA. Med dette litt nostalgiske toppbiletet frå nokre ti-år tilbake, vart programmet presentert i ei solid annonse i Sunnmørsposten i dag.

Les heile

Knut Hustad

30.05.2008

Badeplass og fritidsområde i Bøvika

Allereie i dag er det ei fin badestrand med stupetårn i Bøvika rett utanfor Maude i Norangsfjorden. No vil Urke og Øyelandet grendelag utvide området med m.a. sandvolleyballbane og leikestativ...

Les heile

Knut Hustad

26.05.2008

Strands bakeri opnar

Så er sommaren komen til Sæbø. Torsdag 29. mai klokka 0930 opnar dørene til Strands bakeri...

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

20.05.2008

Ein liten kar er fødd på Villane

Dersom folk trur at portalens medarbeidarar har oversikt over fødslar i bygda, og ventar at vi skal skrive om det av eige iniativ, ja då kan einkvan verte gløymde! Her får vi opplysningar i etterkant om at vi er inne i eit svært så godt år med nye fødde born. På Villane i Bondalen har dei fått seg ein gut no i mai, og her kan du få sjå bilete av den nye Hjørundfjordingen.

Les heile

[5 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

18.05.2008

17.mai barn i Bondalen

Hjørundfjordportalen er alle tider glade når vi får opplysningar frå stolte nybakte foreldre. Brukarane må hjelpe til slik at vi ikkje gløymer nokon. På sjølvaste morgonen 17.mai fekk fam. Midtflå seg ei ny prinsesse, som dei sjølve utrykker det.

Bilete t.h. er det fyrste bilete av 17.mai babyen frå Valset i Bondalen.

Les heile

[8 kommentarar]

Hilde Muren

16.05.2008

Barnetog - ein liten generalprøve

Barnehagen har tatt opp tradisjonen med å øve på 17.mai toget. I fjor gjekk vi gamleruta fråHolen via Rise til Sentrum til 17.mai toget, i år valgte vi eit rute som var litt kortare og la inn stopp på Aldersheimen. Der viste vi at vi ville treffe folk.

Les heile

Bodil Skare

14.05.2008

Har du ei speidarsjorte til salgs?

Det nermar seg tida for speidarleir, 29.06-04.07 .
I år er det nye speidarar som no ynskjer seg sjorter til leiren, dersom du har av dei nye grøne, meld frå til Knut eller Elisabeth viss du vil selge/ gje vekk denne.

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordportalen Administrator

10.05.2008

Nye takstar for bruk av MS Hjørundfjord

Formannskapet i Ørsta har den 15.april i år behandla og gjort vedtak om takstar og bruk av samfunnsbåten på Hjørundfjorden. Det er Hjørundfjord Fjordservice AS som driv båtsambandet i dag. Ilag med driftselskapet har kommuna utarbeidd nye takstar.

Les heile

Knut Hustad

08.05.2008

Omkom i arbeidsulykke

Det var den 57 år gamle Anders Edvin Rebbestad frå Follestaddalen som omkom i ei arbeidsulykke på Sæbø torsdag ettermiddag. Ulykka skjedde under betongarbeid på ei nausttomt ved Fellesnaustet.

Les heile