Ingvil Flatnes
29.04.2008
Kjekt på dugnad!
Ivrige dugnadsdeltakarar rydda måndag ordentleg flott opp på leikeplassen på Sæbøneset. No vert det kjekt å vere her!
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - April 2008 » Lokalnytt
Ingvil Flatnes
29.04.2008
Ivrige dugnadsdeltakarar rydda måndag ordentleg flott opp på leikeplassen på Sæbøneset. No vert det kjekt å vere her!
Sondre Kristoffer Mo
26.04.2008
Fredag 25. April kom kalkbåten ”Iselin” til Sæbø og lasta over 300 tonn kalk til bygda.
Ingvil Flatnes
25.04.2008
Våren er komen, og det er kjekt å vere ute. I byggjefeltet på Sæbøneset treng leikeplassen ei opprydding. Buskene har vorte høge, og fotballbana gror att.
Perry Bjørke
25.04.2008
Sjøfartsmuseet i Bergen hadde i dag 2 froskemenn på plass på Bjørke.
Dei skulle undersøkje sjøbotnen før der kjem fylling i sjøen.
Hilde Muren
24.04.2008
Nemnda som arbeider med utvikling av Kapteinkvia treng hjelp til å rydde området for skog og kratt. Vi prøver igjen med skogryddingsdugnad tirsdag 29april kl 18:00. Høver ikkje datoen, er det råd å bidra med innsats andre kveldar. Vi minner om at vi gjer flathogst; tar ein ved tar ein også kratt.
Ivar Svein Mo
24.04.2008
Den 22.4.08 fekk vi ein ny borgar til bygda. Det var Lavin og Per Ove Flatnes som fekk seg ein velskapt gut og dette set vi alle i lag med familien stor pris på. På Portalen kan vi vise fram stolte foreldre og besteforeldre...
Bilete t.h. Halvard Flatnes (privat foto)
Hilde Muren
21.04.2008
Søndag vart ein barne- og ungdomsgjeng (mest gutar) observert i aktivitet på taket til barnehagen. Eg ber foreldre om å ta opp dette med sine, og gjere dei merksam på taket vårt ikkje er ein opphaldsplass. Det er greitt å bruke leikeplassen til barnehagen, men ikkje taket.
Hilde Muren
styrar
Cecilie Rørstad
16.04.2008
No er som kjend løyvinga til rassikring fylkesveg 41 Bjørke - Leira på plass att! Fylkestinget vedtok tysdag samrøystes å starte tunnelarbeidet til hausten.
Ivar Svein Mo
16.04.2008
Det vert meldt av NRK si nettside no i kveld at ei glad Cecilie Rørstad i Bjørke Grendalag, kan puste letta ut. I dag, Tysdag ettermiddag, har fylkespolitikarane vorte enige om at rassikringa av Bjørke-Viddal i Ørsta kan starte opp i år som planlagt..
Hilde Muren
14.04.2008
Vi byrjar utviklingsarbeidet med Kapteinkvia, og treng hjelp til å rydde skog. Vi inviterer derfor til "vedhogsdugnad" onsdag 23. april kl 18:00. Vi tar flathogst på det aktuelle område og deler veden etterpå.
Knut Hustad
13.04.2008
Det er no ein leiteaksjon etter ei kvinne på Urke, melder Ørsta Røde Kors på sine heimesider.
Siste: Ei død kvinne vart søndag 20. april funnen i fjøra i Sykkylven. Dette funnet vert sett i samband med den sakna kvinna frå Urke, melder NRK, Møre og Romsdal. Kvinna skal i dag identifiserast og obduserast ved sjukehuset i Ålesund.
Helge Strand
09.04.2008
Den kommunale kaia.....
Per Urke
08.04.2008
62°Nord har funne fram to solide begrep når dei lanserer si nysatsing på Hjørundfjorden:
FJORD MAJESTETIC og FJORD EXPERIENCE.
Katamaranen ”Fjord Aalesund” skal settast inn i ruta mellom Ålesund og Leknes. Dette vert selskapet si alternative løysing til ferjedrifta som fekk ein bråstopp etter eitt års drift.
Per Urke
08.04.2008
”FJORD ØYE” ligg fortøya ved Furneskaia i Sula.
Siste sommar gjekk ferja to turar Magerholm-Leknes kvar dag i sesongen frå 1.6. – 31.8. Reiseoperatøren 62°Nord varsla at ruteopplegget skulle vidareførast komande sommar.
I siste revisjonen av heimesida til 62°Nord er ruteopplegget for ”Fjord Øye” borte.
Hilde Muren
07.04.2008
I dag gjekk ein liten barnehagegjeng på jakt etter geitsymre (elles kjent som kvitveis). Dei hadde med Reidun som passa på at alt gjekk rett føre seg.
Knut Hustad
03.04.2008
Går vi mot tørrare tider? Hos vêrobservatør Anne Hustad på Hustad fall det 168, 6 mm nedbør i mars. Det er berre 4,6 mm meir enn normalen...
Hilde Muren
02.04.2008
Dei siste åra har Sæbø barnehage vore full, og mange som har søkt plass har dessverre fått nei. Også etter utbygging av barnehagen. No endrar situasjonen seg og frå august 2008 har barnehagen (fleire) ledige plassar.
Kjartan Alnes
02.04.2008
I helga leverte Weronica hingsten Ruben til den stor manndomsprøven ved Norsk fjordhestsenter på Nordfjordeid.
Sondre Kristoffer Mo
01.04.2008
Nei, dette er ingen aprilsnarr. B/F Eiksund kræsja nemleg i dampskipskaia på Sæbø, dette var då ho skulle legge ifrå.
Rune Sæbønes
01.04.2008
Knut Hustad er pålagt fire nye år som leiar i Ørsta Forliksråd. Det vedtok formannskapet tysdag.
Knut Hustad
01.04.2008
Så har formannskapet i Ørsta bestemt seg - legekontoret på Sæbø vert lagt ned allereie frå sommaren 2008. Eit naudsynt vedtak for å unngå legekrise, seier ordførar Gudny Fagerhol.