Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - November 2008 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå November 2008 i Lokalnytt

Knut Hustad

25.11.2008

Hjørundfjordkalenderen 2009 klar

Jess, Hjørundfjordkalenderen 2009 er ferdig trykt. Vi vonar å få pakka dei på torsdag og sendt dei ut på fredag. Laurdag vert kalendrane lagt ut for sal i butikkane i Hjørundfjorden - dei som måtte vere att...

Les heile

[3 kommentarar]

Hilde Muren

24.11.2008

Årets vintergåve

Synest du det er kaldt? Du fryser kanskje og lengar etter noko varmt til hovud og hals? Eller er veldig stolt av Sæbø og av idrettslaget? No kan du kjøpe årets gåve til deg sjølv og dei du er glade i: lue og bøff frå Sæbø IL.

Les heile

Håvard Myklebust

22.11.2008

Ras stengde fylkesveg 41 mellom Fyrde-Viddal

Etter det kraftige snøfallet dei siste dagane, blei fylkesveg 41 mellom Fyrde og Viddal, nærare bestemt på kommungrensa ved Skjåstadeidet, stengd på grunn av ras natt til laurdag. Vegen var uframkomeleg for både brøytemannskap og innbyggjarar og var framleis stengd klokka 18.00 laurdag kveld.

Les heile

[12 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

19.11.2008

Fire kvinner æresmedlemmer i Sæbø IL

Kari Riise, Alfhild Wille, Kanutte Strand og Eldbjørg Tvergrov er utnemnde til æresmedlemmer i Sæbø IL. Dei får æresmedlemskapen for ein uvanleg stor ueigennyttig innsats for at born og unge skal få halde på med idrett. Det var ordførar Gudny Fagerhol som delte ut æresmedlemskapen laurdag.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

13.11.2008

Open dag på Hjørundfjordheimen

Både sjefen ved Hjørundfjordheimen, Knut Åmås, og kåsør Valborg Hustadnes var svært godt nøgde med oppmøtet då det tradisjonelle "Open dag"-arrangementet vart avvikla på heimen sist fredag.

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

12.11.2008

Naturvern og reprimander, utg. 2

Torsdag vedtok formannskapet i Ørsta at det skal utarbeidast ein samla plan over kva fossar og elvar som skal vernast eller byggast ut. Men før vedtak vart Tussa kritisert og det vart vist til Naturverforbundet som påstår at konsesjonsvilkåraer brotne.

Før endeleg vedtak, vil eg håpe at fleire enn Naturvernforbundet slepp til. Bygdene må få uttale seg og ein konklusjon må sjå til fleire sider.

Nye opplysningar får meg til å forlenge meldinga i ei utg. 2.

Les heile

[20 kommentarar]