Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Oktober 2008 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå Oktober 2008 i Lokalnytt

Ivar Svein Mo

27.10.2008

Haustfesten vart ein kjærkomen suksess.

Styret i grendahuset har hatt ansvar for den store oppgåva å tette torvtaket på Bondalen grendahus i sommar, og no er alt i orden, og det vart på tide med ein skikkeleg haustfest. Dei kontakta Åge Nybø om han kunne syte for god musikk og der var svaret enkelt og greit; skaff folk og gje dei mat, så skal eg få dei i stemning!
Bilet th.:Laurdag 25.oktober 08 leverte Åge som han hadde lova, med stor suksess....

Les heile

[1 kommentar]

Ivar Svein Mo

22.10.2008

I fotspora til Vassendgutane

Det svingar på Rekkedalskulen i Bondalen ein søndags ettermiddag. Her er det Country og Country Rock musikk med skikkeleg "trøkk" som kan høyrast.
Det er desse 6 karane som spelar og øvinga er for å ta siste finpussen til eit eksklusivt speleoppdrag på Rica Sunnfjord Hotell. Her skal dei få bryne seg i lag med dei store gutta..

Les heile

Per Urke

16.10.2008

Båtplass til alle på Urke

Vi utvidar no småbåthamna frå 28 til 36 båtplassar. Alle som vil ha fast plass, skal få plass. Vi likar dårleg å bruke tida til å diskutere kven som skal få plass og kven som skal avvisast, seier styreleiaren i Urke Småbåtlag, Eldrid Øye.

Les heile

Knut Hustad

17.10.2008

Tek mot meir

Loppene strøymer inn til loppemarknaden som skal vere på bedehuset på Sæbø til helga, men vi tek gjerne mot meir, seier primus motor Ann-Helen Urkegjerde...

Les heile

[3 kommentarar]

Perry Bjørke

04.10.2008

Brakkeriggen på plass på Åkre

Nå begynner det å bli klart for anleggstart på Leiratunellen.
Brakkeriggen er kome opp på Åkre.
På Leira er der skogarydding og arbeid der påhogget for tunellen skal vere.
Mykje aktivitet blir det sikkert i tida framover både på Leira og Åkre.
Neste sommer kjem dei vel ut i Fylsberget ved kraftstasjonen.

Les heile

Ivar Svein Mo

02.10.2008

Frå Aust-Tyskland til Bondalen

Vi kom til Sæbø fyrste gongen i sommarferien i 2003 i lag med familien vår, og når eg køyrde ned gjennom dalen i strålande sol til Sæbø og såg fjorden og fjella, vart eg berre overtydd om at her ville eg busetje meg, seier Bernd. No har han fått fast bustadadresse ilag med kona Manuela på Kvistad i Bondalen.
Kartet th. viser reiseruta til Norge.

Les heile

[2 kommentarar]