Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - April 2007 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå April 2007 i Lokalnytt

Jon Arne Steinsvik

30.04.2007

Utsetting av containerar og rydding på bygdene

Reine og ryddige bygder er trivelege både for fastbuande og tilreisande. I dag ligg det mykje rot og skrot rundt om i natur- og kulturlandskapet. Kan hende du har noko å verte kvitt? Det vert no sett ut containerar, og dette er eit tilbud Retura Søre Sunnmøre har til bygdene i samarbeid med grendalaga.

Les heile

[4 kommentarar]

Henning Nydahl

29.04.2007

FRANK 60 ÅR

Gratulerer med 60 årsdagen Mister Trandal "Frank Storeide"

Savna ei helsing på PORTALEN så da tenkte ej at ei Helsing var på si plass til Hjørundfjordens "nest støste son" var på sin plass Grattis med dagen Frank ( den var på Fredag)

Ps. Hjørundfjordens støste er selfølgelig Anders

Les heile

Siw Lillebø

23.04.2007

17. Mai feiring på Sæbø 2007

Vi i 17. mai nemnda( Siw, Trond og Hilde frå foreldrekontaktene ved Sæbø skule) er godt i gang med planlegging av årets feiring. Men for at dette skal verte eit vellukka arrangement er vi avhengig av at alle stiller på si vakt. Elevar ved Sæbø skule som bur på Sæbø og i Bondalen vil før helga få med seg arbeidslister heim frå skulen.

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

22.04.2007

Gjesteboka på Skår

Mange skientusiastar tek i desse dagar turen ned til Skår gjennom Lissjeskåradalen. Gullbjørg og Asbjørn set pris på dette og oppmodar no alle som tek turen til Skår om å skrive namnet i den nyutlagde gjesteboka...

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

22.04.2007

Fonn ved Kvistadsetra

Stort snøfall fredag gjorde at fleire fonner gjekk. M.a. stoppe ei mindre fonn ikkje langt frå selet til Arnhild Kvistad i Kvistaddalen...

Les heile

Hilde Muren

20.04.2007

Snømann seint i april

Når snøen legg seg igjen og sandkasse og syklar kkje kan brukast, kva gjer ein i barnehagen då? Jo - vi kastar oss på den uformelle snømannkonkurransen og lagar ein som er 3,30m høg (utan hatt)!! Med hatt vart han målt til 3,60m

Les heile

[6 kommentarar]

Rune Sæbønes

08.04.2007

200 med på Skattejakta søndag

Kring 200 var med på Skattejakta søndag, og då i vesentleg betre ver enn under snøstromen fredag. Ola Sæbønes (biletet) som eldste deltakar og dei andre gjekk søndag fram den opprusta rampa, og ned att via Gamle-Rise. Spørsmål og svar for begge dagar ligg inne på denne saka.

Les heile

[2 kommentarar]

Ivar Svein Mo

08.04.2007

Stemningsbilete 1.påskedag

Bilete frå Kvistad mot Sæbø i dag 1.påskedag kl.13.51. Det har vore ein fin dag til no, men det har vorte litt gråare etterkvart.I dag ser vi godt fjorden og kyrkjetårnet. Dette er den 2.dagen i skattejakta og veret er topp(+3,5) til dette føremålet då dei fleste er heime.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

06.04.2007

Over 300 med på Skattejakta dag 1

I eit forrykande uver vart likevel Skattejakta sin første dag ein suksess. Over 300 var med på fotballgruppa sitt arrangement. Søndag vert del to halde, vonleg i betre ver.

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Hustad

04.04.2007

Altertavla er ferdig restaurert

Altertavla er no på plass igjen i Skodje kyrkje etter restaureringa. - Målarmeister Kjell Arne Årseth og målerikonservator Arne Bakken frå Oslo har gjort ein glimrande jobb, seier kyrkjeverjen Geir Lorentzen i Skodje...

Les heile

[2 kommentarar]

Hilde Muren

02.04.2007

Kva skjer med Sæbønesvegen?

I dag låg det ein konvolutt frå kommunen i posten - adressert til grendalaget. Hmmm - kva er det no da, tenkte eg. Gløymt var brev som grendalaget hadde sendt til FUM tidlegare i år. Eg opna brevet rutinemessig, og sjå; det var ei melding om vedtak:

Les heile

[3 kommentarar]