Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mars 2007 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå Mars 2007 i Lokalnytt

Rune Sæbønes

30.03.2007

XCross i Nottane

Terje Stokke, Marius Strandmann & kompani er no i ferd med å byggje den første XCross-bana på Sunnmøre. Det skjer i Nottane, og påskeaftan vert det invitert til ein forrykande konkurranse.

Les heile

Rune Sæbønes

29.03.2007

Skattejakt på Sæbø i påska

Langfredag og 1. påskedag er det klart for påska sitt høgdepunkt på Sæbø. Då arrangerer fotballgruppa i Sæbø IL Skattejakta. Dette har utvikla seg til å verte ein populær trimquiz, og hadde i fjor over 500 deltakarar. Det ventar flotte premiar.

Les heile

[3 kommentarar]

Unn Frøland

28.03.2007

Telenor Karusell

Eitrefjell telemerksklubb arrangerer aktivitetsdag for barn på Bondalseidet i påska. Barna får sjansen til å prøve telemarksutstyr frå Norges skiforbund.

Les heile

Knut Riise

22.03.2007

"Vårens vakraste eventyr"

Ingen kyr får lenger stå på betong, dei skal ha båsmatter.
Då må både bonde og kyr ta den straffa det er å måtte slipe klauene minst ein gong for året.

Ingressbiletet viser Asbjørn Hjorthaug og underteikna, der ein ny pasient er klargjort for sliping.

Les heile

Roy-Magne Mo

22.03.2007

Volda marknadsfører Hjørundfjorden

- Me har å gjere med ein vanskeleg bransje. Me kan spele på å arrangere turar til Hjørundfjorden, vikingskipmiljøet i Bjørkedal og til Geiranger for den del. Kulturopplegg er òg interessant for mindre grupper, har me fått tilbakemeldingar om frå turselskap i England. Målet er å få inn eit par skip til Vikeneskaia neste år. Så kan me byggje vidare derifrå, meiner cruisenemnd-sekretæren.

Les heile

Knut Hustad

21.03.2007

Ope for bordbestilling

I påskeveka, den 3. og 4. april, er det ope for bordbestilling på Rekkedal Gjestehus. Vertskapet, Margrethe og Bjarne Rekkedal, ynskjer alle gjestar hjerteleg velkomne...

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

21.03.2007

- Lovande for ny gymnastikksal

- Då vi i 2005 sette ned ei nemnd for å få ny gymnastikksal på Sæbø skule, trudde vi at vi var veldig optimistiske viss vi fekk byggjestart i 2008. No kan det sjå ut som om det vil skje, seier Tore Stokke, medlem i nemnda som arbeider for ny gymnastikksal på Sæbø skule.

Les heile

Knut Hustad

20.03.2007

Onsdag 28.3. er opningsdagen

Onsdag den 28.3.07 klokka 1000 startar påska for Kanutte og Dagfinn på Sæbø. Då opnar nemleg dei to igjen dørene til Strands bakeri slik at fastbuande og tilreisande kan få kjøpe ferske bakarvarer...

Les heile

[3 kommentarar]

Hilde Muren

18.03.2007

Nytt styre i Sæbø grendalag

Sæbø grendalag hadde årsmøte onsdag 14mars. Det nye styret er Roy Lillebø, Nils Taklo, Grethe Holen, Ingvild Flatnes og Annemone Strandmann. Vara er Tom Andre Holen og Bodil Egset. Styret konstituerer seg sjølve på første styremøte.

Les heile

Rune Sæbønes

16.03.2007

Tussa byggjer ut på Urke

Tussa Energi startar i løpet av ein månads tid utbygginga av Urke Kraftverk. For åtti millionar kroner skal det byggjast eit kraftverk som skal forsyne 1750 husstandar med straum.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

16.03.2007

Bygdemobiliseringa seier nei til oppdrett

Hjørundfjord bygdemobilisering seier nei til sjøbasert fiskeoppdrett i Hjørundfjorden i sin merknad til kystsoneplanen. Bygdemobiliseringa legg elles vekt på at landbruket framleis må ha vekstvilkår.

Les heile

Aanon Aanonsen

13.03.2007

Kryptering av trådløse nett i dalen.

Vil bare advare alle i dalen som har trådløse nett om å kryptere disse da det er enkelte besøkende i dalen som kjører rundt og leter etter åpne trådløse nett. Husk at det er ikke alle som bare låner internett tilkoblingene, men så lenge det trådløse nettet er åpent har man tilgang til alt som er på alle maskiner i nettverket. Dette betyr at de har tilgang til eventuelle bilder og andre filer som ligger på datamaskinene, samtidig som de kan avlytte nettbanken når man foretar ting der.

Mvh
Aanon Aanonsen

Les heile

[12 kommentarar]

Rune Sæbønes

13.03.2007

Hjørundfjorden utan fjernsyn?

Det kan sjå dårleg ut for bakkesende fjernsynssignal til store delar av Hjørundfjorden for framtida. Til hausten startar utbygginga av det digitale bakkenettet, og i løpet av 2009 er utbygginga ferdig, og det noverande analoge nettet skal leggjast ned. Få grender i Hjørundfjorden ser ut til å verte nådde med dei digitale signala...

Les heile

[3 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

08.03.2007

Statnett ynskjer line gjennom Ørsta

Statnett søkjer konsesjon på ei ny 420 kV-line frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre. Under eit møte i Hornindal i dag (torsdag) kom det fram at Statnett helst ynskjer alternativet gjennom Ørsta kommune, melder www.smp.no.

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

04.03.2007

Mann teken av snøskred

Ein tjekkisk mann på 21 år vart i dag teken av eit snøskred på veg ned frå fjellet Sylvkallen ved Standal. Diverre omkom mannen,opplyser lensmann Guttorm Hagen i Ørsta.
Lensmannen rosar elles hjelpemannskapet for ein svært god innsats, men mannen døde nok brått p.g.a. dei svært tunge snømassane... Foto: Sunnmørsposten v/Knut Arne Årseth

Les heile

[9 kommentarar]