Siw Lillebø
25.02.2007
17. mai 2007 på Sæbø
Lag og organisasjonar som ynskjer å arrangere 17. mai på Sæbø må søkje komitèn om dette innan 10. mars 2007.
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Februar 2007 » Lokalnytt
Siw Lillebø
25.02.2007
Lag og organisasjonar som ynskjer å arrangere 17. mai på Sæbø må søkje komitèn om dette innan 10. mars 2007.
Yngve Frøland
23.02.2007
Kva dyr har gått her?
Fredag 23.Februar hadde Sæbøbarnehagen utedag på Frøland.
Litt ut på ettermiddagen tok eg og 5 sporkyndige frå barnehagen ein tur framover markane for å sjå om vi fann nokon spanande spor av dyr. Vi fann spor av både Hjort, mår,
rev og hest, men like ved bakkekanten over Grendahuset fann vi eit spor som vi ikkje heilt klarte å identifisere. Vi må no ha hjelp frå andre sporekspertar.
Knut Hustad
21.02.2007
I går og i dag har det blitt uført naudsynte reperasjonar på ferjekaia på Sæbø...
Knut Hustad
21.02.2007
I formiddagstimane i dag vart det gjort opptak til reklamefilm i fjøra på Sæbøneset. - Eit kjempeflott opptaksområde, seier art director Karin Lund i Try reklamebyrå....
Bodil Skare
19.02.2007
Lisbeth og Bodil var fredag 16 februar på kurs på Åse helselagshus-moa. Kurset var: "Sang for eldre" og vart arrangert av møre og romsdal musikkråd.
Helge Strand
17.02.2007
Det synast vere stor einigheit i Hjørundfjorden, og i langt vidare omkrins,om at ein oppdrettsfri fjord har mykje å seie. Med tanke på villaks, miljø, turisme m.m.
Helge Strand
15.02.2007
Denne artikkelen sender eg til Møre Nytt, men først vil eg leggje han ut her på portalen
Helge Strand
14.02.2007
Aksjonen er framleis oppegåande!
Knut Hustad
13.02.2007
- Sjøisen utanfor Stennes er no ca. 10 cm tjukk. Heldigvis er vegen til Nordang open, seier Einar Arne Stennes til hjorundfjord.no.
Hilde Muren
10.02.2007
Kommunedelplanen for kystsona er lagt ut til offentleg ettersyn. I samband med denne inviterer kommunen til open dag for orientering og avklaring på eventuelle spørsmål om planframlegget. I Hjørundfjorden på desse stadane:
Fredag 16. februar: Sæbø - klubbhuset.
Mandag 19. februar: Urke - grendahuset/skulen.
Tysdag 20. februar: Bjørke - Haukely.
PLanleggjar(ar) frå kommuneadministrasjonen vil vere tilgjengeleg(e) på dei ulike stadane i tida frå 13:00-16:30.
Tekst henta frå annonse i Møre-Nytt 10.februar.
Siw Lillebø
08.02.2007
På Sæbø skule har vi skuleovertaking med studentar frå Høgskulen i Volda. I dag har det vore matematikk på føremiddag og uteliv no på ettermiddagen.
Hjørundfjordportalen Administrator
06.02.2007
Kyrkjekalenderen for første halvår er klar. Her finn du datoane for gudstenestene og andre arrangement som til no er planlagt i Hjørundfjord kyrkje. Etter kvart vil dette verte lagt ut på Aktivitetskalenderen.
Mats Riise
06.02.2007
Må sei eg drog litt på smilebandet når eg såg kva som var hovudsaka til dagbladet når eg sjekka nettavisene.
Ivar Svein Mo
06.02.2007
Oppdatering nye bilete!
Gråstadfonna har i dag delt Øyelandet i to... Bilete t.h er frå Arnebakkane på Norang. Foto S. Nordang
Helge Strand
05.02.2007
Kystsoneplanen.
Av inga interesse for Hjørundfjorden?
Knut Hustad
04.02.2007
Astrid Hustadnes Wille frå Bondalen og Hairconsept i Volda, vart i helga nr. 3 i NM klasse Brudefrisyre senior. NM vart arrangert i Oslo Spektrum. Til høgre ser vi Astrid(t.v.) saman med modellen sin, Lene Borgersen frå Ørsta.
Rune Sæbønes
03.02.2007
Festøy Fiskeoppdrett AS har søkt om konsesjon til å drive oppdrett av torsk utanfor Molaupen. Ørsta kommune likar ikkje ideen, og har bedt Fiskeridirektoretet om å avvente handsaminga til kystsoneplanen har gått igjennom kommunestyret i Ørsta.
Siw Lillebø
02.02.2007
Det er årsmøte onsdag 28. februar kl. 20.00 på Bondalen Grendahus. Ei av sakene på årsmøtet er kva ein skal gjere med Bondalsparken? Skal ein bygge ny scene og satse, eller er tida over for den slags arrangement? Det er også eit spørsmål om kva ein skal gjere med paintball utstyret.
Håper at mange møter opp og hjelper styret å ta ei avgjersle i desse saken.
Hilde Muren
01.02.2007
Det vert kalla inn til årsmøte i Sæbø grendalag onsdag 14. mars kl 20:00 på KLubbhuset.
Frist for å melde saker til årsmøtet: Ons 28. feb.
Vi ber om at saker leverast skriftrleg til
Hilde Muren (himuren@tussa.com)
Enkel servering. Alle er velkomne.
Helsing styret.
Knut Hustad
01.02.2007
478,1 mm nedbør på Hustad i januar, opplyser vêrobservatør Anne Hustad.
Rune Sæbønes
01.02.2007
Då er den etter kvart så svært omtalte kystsoneplanen lagt ut. Ørsta kommune gjer mykje for at folk skal kome med si meining om planen. Han er trykt opp i over to hundre eksemplar, og er dessutan lagt ut på pdf på Ørsta kommune sine heimesider.