Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - September 2006 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå September 2006 i Lokalnytt

Rune Sæbønes

28.09.2006

Stort engasjement på framtidskvelden

Det var stort engasjement på framtidskvelden som Hjørundfjord bygdemobilisering arrangerte saman med Sæbø Idrettslag og Bondalen Frilynde Ungdomslag torsdag. På Bondalen grendehus møtte førti ungdommar frå fjorten til tjuefem år. Dei greidde å kome fram til fleire gode tiltak som vil gjere det betre for unge å bu i Hjørundfjorden.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

27.09.2006

Ny gymnastikksal på Sæbø skule -

Fagutvalet for oppvekst og kultur har foreslått eit budsjett for Ørsta kommunestyre som inneber at forprosjektet for ny gymnastikksal til Sæbø skule vert sett i gang i 2007, og at byggjestarten vert tidleg i 2008. Ei eiga nemnd samansett av foreldrerepresentantar, skulen og Sæbø IL er no i gang med å førebu utbygginga. Nemnda ser føre seg ein gymnastikksal langt større enn eksisterande.

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

17.09.2006

Fotball og sau

Med sigrande Sæbø-fotballspelarar som tilskodarar(4-2 over Kvamsøy), vart sauene i ettermiddag frakta tilbake til Sæbøneset frå Maradalen...

Les heile

Rune Sæbønes

05.09.2006

Tussa med betre breibandskapasitet

I samband med at Tussa Netway skal auke kapasiteten på sentralane SBØ og SBOS onsdaf, vil det verte eit brot på sambandet mot internett. Dette vil skje rundt kl 09.00. Etter at dette har vorte gjort vil altså båndbreidda auke og stabiliteten skal også bli mykje betre.

Tussa må ha eit brot på ca 5 minutt mot SBØ (Sæbø) og SBOS (Sæbø sentrum) i samband med omkoplinga.
Det må også verte eit kortare brot (under 1min) mot AMD (Åmdal) og FSA (Follestaddal).

Les heile