Rune Sæbønes
31.08.2006
Krev kraftline i jord- eller sjøkabel
Om lag 30 politikarar og andre interesserte var med Naturvernforbundet og Folkeaksjonen på båttur inn Hjørundfjorden tysdag. Fleire slutta seg til på synfaringa på Standal og i Romedalen, og over 100 personar deltok på debattmøtet i Bondalen. Her var det eit samla krav frå dei frammøtte at den planlagde 420 kV kraftlina mellom Ørskog og Fardal må kablast. hjorundfjord.no sitt referat er henta frå Naturvernforbundet sine sider.