Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Juli 2006 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå Juli 2006 i Lokalnytt

Tor Eirik Trandal

30.07.2006

Lydar i Trandalfjella

<strong>Mysteriet er løyst</strong>Tirsdags kveld i ti-elleve tida kom det plutseleg trompetlydar frå Trandaldalen utifrå intet. Vi var fleire som prøvde å lokalisere lydkjelda, og moderne hjelpemiddel som kikkert vart også teke i bruk utan særleg hell.

Les heile

[4 kommentarar]

Rune Sæbønes

28.07.2006

Mikkel storfiskar

Mikkel Riise (14) har brukt sommarferien fornuftig. Sidan han fekk sjøsett båten for nokre veker sidan, har mesteparten av tida vore brukt på sjøen. Fangstane har til tider vore store.

Les heile

[1 kommentar]

Sondre Kristoffer Mo

27.07.2006

Albatross ruva i Hjørundfjorden igjen.

Dette er 5. gongen Albatross kjem inn i Hjørundfjorden, den skal kome 4 gongar til.
Den skal kome igjen 13. August, 30. August, 6. September og 28. September.
Eg og bror min Hallvar var ut på Hustadneset og såg det. Det er ein flott opplevelse å sjå desse store turistskipa når dei kjem inngjennom fjorden. Dette er å anbefale til alle



Les heile

[4 kommentarar]

Ivar Svein Mo

24.07.2006

Båtforlis i Hjørundfjorden.

hjorundfjord.no har fått kjennskap til at der ligg ein trebåt på 16meters djupte på Urneset ved Nes på Trandal. Det har ikkje lukkast å få kjennskap til kven eigaren er, men etter opplysningar vi sit inne med så høyrer båten til ut i øyane.
(Bilete er teke frå Stavset og viser Nes og den aktuelle staden båten har hatt problem)

Les heile

Ivar Svein Mo

24.07.2006

Kvistaddalen var besøkt av mange søndag

Søndag 23.juli hadde mange funne vegen til Kvistaddalen i Bondalen- Sæbø. Familiefolk med unger som ikkje kunne ta turen til fjells, hadde campa på Vasstøylen.
Bilete viser Kvistaddalen frå Tua mot Bondalen.I Bondalen ser vi gardane Stokke og Myrholen med Halsen øverst.Frølandsdalen går på skrå bakom.(Dobbelklikk på bilete for stor størelse)

Les heile

Rune Sæbønes

11.07.2006

Meir breiband i Hjørundfjorden

Dei aller fleste stadane langs Hjørundfjorden skal no få breiband med høg kapasitet og høg oppetid.
- Dette er det mange som har venta på, seier administrerande direktør, Ivar Driveklepp til www.smp.no.

Les heile

[4 kommentarar]

Rune Sæbønes

10.07.2006

Konsesjon til Urke Kraftverk

NVE gjev Tussa Energi AS løyve til å bygge Urke kraftverk i Urkeelva i Ørsta kommune, Møre og Romsdal. Kraftverket er planlagt som eit elvekraftverk med ein årleg produksjon på om lag 35 GWh som tilsvarar forbruket til 1750 husstandar.

Les heile

Rune Sæbønes

06.07.2006

Badeliv på Sæbø

Det vert bada på Sæbø og i Hjørundfjorden elles. Varmen siste daga har lokka mange ut i fjorden. På Sæbø-kaia var fire spreke jenter i aktivitet torsdag.

Les heile

Tor Eirik Trandal

06.07.2006

Positiv til turistferje på Hjørundfjorden

Formannskapet stiller seg positiv til søknaden frå ferjeselskapet 62 grader Nord om å opprette ei ferjerute på strekninga Solavågen - Leknes. Selskapet har søkt om konsesjon på å trafikkere ruta, og søknaden er ute på høyring. Det er fylkestinget som skal gje konsesjonen.

Les heile

Tor Eirik Trandal

06.07.2006

Tussa byggjer ut 24 breidbandssoner på Sunnmøre

Tussa byggjer ut 24 trådlause breidbandssoner på Sunnmøre. Det vil i første omgang bli bygt ut 16 trådlause soner for å dekkje ferjekaier, og 8 trådlause soner for å dekkje sentrumsområda i regionen. Tilbodet gjer at dei som har breidband frå Tussa, no også kan få tilgong til breidband via bærbar PC, enten dei ventar på ferja eller dei har behov for å kople seg opp når dei er i sentrum. Utbygginga går for fullt i desse dagar, og alle sonene vil vere ferdig utbygde i rundt månadsskiftet august/september.

Les heile

Rune Sæbønes

05.07.2006

Sunnmørsposten på tokt

- Kva er dette for sjømannskap? Spør ein morsk Ola Sæbønes.
- Kva er det for noko? Undrar Sunnmørsposten sine fjordfarande, Svein Aam og Knut Arne Årset.
- Leggje til i hamna med fulle segl. Det går ikkje an! Seier Ola.
Onsdag sigla Sunnmørsposten sitt reportasjeteam inn i hamna på Sæbøneset for ein rast. Då hadde dei reist frå Trandal, og Skår var neste stopp.

Les heile

[1 kommentar]

Tor Eirik Trandal

03.07.2006

Hjørundfjorden på langs i færing

Sunnmørsposten sin maritime sommarredaksjon Svein Aam og Knut Arne Aarset er i desse dagar i ferd med å ro Hjørundfjorden på langs i bjørkedalsfæringen "Jakob Røv". Båten er utstyrt med eit såkalla "gaffelsegl", og planen er å få prøvd dette i løpet av turen frå Festøy til Bjørke.

Les heile

Rune Sæbønes

01.07.2006

M/S Hjørundfjord godt i gang

Laurdag var det tre månader sidan M/S Hjørundfjord kom i drift som samfunnsbåt for Hjørundfjorden. Reiar og skipper Oddvar Olsen er godt nøgd med starten. Laurdag fekk han også ei påskjøning frå grendelaga i fjorden og Hjørundfjord bygdemobilisering.

Les heile

Rune Sæbønes

01.07.2006

Nordic Sky i rute

Nordic Sky er i rute. Laurdag starta den daglege båtruta mellom Ålesund og Hjørundfjorden. Ni passasjerar var med frå Ålesund den første turen. To gjekk om bord på Sæbø, og tre personar vart med båten frå Øye til Ålesund. På Sæbø tok Hilde Muren frå Sæbø grendelag i mot. Ho helsa Nordic Sky velkomen til fjorden på vegner av alle grendelaga.

Les heile