Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Juni 2006 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå Juni 2006 i Lokalnytt

Ivar Svein Mo

29.06.2006

Det skjer mykje på Kvistad

Midt under slåtten tirsdag 27.6 kom ei stor kran til Kvistad og me lurte fælt på kva den skulle her. Ho vart stasjonert i Bakketunet med Stig,og det var vel ikkje uventa for der føregjeng det ei omfattande vøling av huset.

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

28.06.2006

Nordic Sky klar for Hjørundfjorden

Laurdag startar CruiceService i Langevåg med den etterlengta og daglege båtruta Ålesund – Hjørundfjorden. Akkurat i tide vart båten som skal trafikkere sambandet ferdig. Tysdag ved midnatt vart ”Nordic Sky” levert reiarlaget, og onsdag var båten på jomfrutur i Hjørundfjorden.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

28.06.2006

Albatros vitja Hjørundfjorden

Onsdag ettermiddag sigla turistskipet Albatros inn Hjørundfjorden. Vitjinga er eit av atten anløp i Norangsfjorden denne sesongen. Albatros er registrert på Bahamas. Han er 185 meter lang, og har ei breidd på 28,388 meter.

Les heile

[3 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

28.06.2006

Bygdefolket.. kom med tekst til "Folk og bygd"

Eg masar nok ein gong... Vi manglar mykje tekst og bilete frå bygdene i Hjørundfjorden og einkvan må kome med nokre innspel her. Vi kan ikkje la besøkande på portalen tru at her berre er 2-3 bygder i fjorden vår. Enok Kippersund har teke seg av ein del på Bjørke og omegn, og eg sjølv har skrive litt om heimbygda mi, Trandal.

Dette er alt for lite!

<strong>Derfor ber eg om at dei som kjem frå dei respektive bygdene skriv nokre ord og sender dei til meg på mi e-post adresse (Den finn du under "kontaktpersonar" her på hovudsida)</strong>

Les heile

Hilde Muren

24.06.2006

Jonsokfeiring på Kapteinskvia - Hilde

Det vart ei triveleg jonsokfeiring på Kapteinskiva i år som andre år. Ein stor dugnadsinnsats sørga for at bålet som brant opp under Hjørundfjorddagane vart bygd opp att, og ga varme til langt over midnatt.

Arrangementet starta først med Lurvetog gjennom Sæbø, og vart ført vidare med grilling og samvere på Kvia. Nokre av dei yngre våga å prøve badetemperaturen medan den eldre garde søkte stadig nærmare varmen frå bålet .......

For fleire bilde, sjå www.sabogrendalag.blogspot.com

Les heile

Rune Sæbønes

18.06.2006

Også Joker har søndagsope

Frå og med i dag (18. juni) har også Joker Sæbø søndagsope.Forretninga nyttar seg av denne mulegheita etter at Fylkesmannen i Møre og Romsdal har definert Sæbø og Urke som typiske turiststader.

Les heile

Knut Hustad

18.06.2006

Kyrkjegardsgjerdet vert måla

For ca. eitt år sidan vart det sett opp nytt gjerde rundt den nyaste delen av kyrkjegarden til Hjørundfjord kyrkje på Sæbø. I dag starta dugnadsarbeidet med å få gjerdet måla.

Les heile

[4 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

15.06.2006

420 Kv kraftlina

Mange har sterke meiningar om hovudkraftlina som er tenkt bygd gjennom Ørsta kommune og dei flotte naturområda våre. Merkeleg er det då at det ikkje har vore nemnt her på Hjørundfjordportalen. Eg vil med dette opne for debatt angåande denne omdiskuterte kraftlina som kan få store konsekvensar for naturen og miljøet vårt.

Les heile

[3 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

15.06.2006

Fotograferte Hjørundfjorden

Den kjende fotografen Terje Rakke var søndagskvelden 11.juni og mandag 12.juni i Hjørundfjorden og fotograferte. Han driv fotofirmaet Nordig Life og har i ei årrekkje hatt oppdrag frå Fjord Norge AS. Svært mange av bileta hans vert brukte i publikasjonar frå både Fjord Norge AS og Innovasjon Norge retta mot individuelle og turoperatørar på verdsbasis.

Les heile

Rune Sæbønes

08.06.2006

Ørsta inn i Ålesund & Sunnmøre

Ørsta kommune går inn i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre. Med tjuefire mot seks røyster vedtok kommunestyret tysdag at marknadsføringa av Hjørundfjorden skal skje frå destinasjonsselskapet.

Les heile

Rune Sæbønes

03.06.2006

Branntilløp på klubbhuset

Torsdag var det branntilløp på klubbhuset til Sæbø IL. Truleg var det sola som var brannårsaka. Det tok nemleg fyr i ei t-skjorte som låg oppe på glaset til ein lysarkframvisar, og hovudteorien er at sollys har gått gjennom prisma/linsa til prosjektoren, og vorte konsentrert mot t-skjorta.

Les heile

[1 kommentar]