Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - April 2006 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå April 2006 i Lokalnytt

Ivar Svein Mo

08.04.2006

Skyssbåten er klar til påsketrafikken.

Oddvar Olsen har kome i gjennom fyrste veka som skyssbåt ansvarleg på Hjørundfjorden. Han tok over etter ”Rødhette” 1.april og den fyrste veka har vore ei kjekk og triveleg veke. Båten har fungert etter forventningane og det har vore trivelege folk å frakte. Oddvar gjer seg no klar til påsketrafikken, med frakt av turistar og fastbuande med og utan skiutstyr.Båten er godt egna for å tene alle slags behov.
Du kan nå skyssbåten ”Hjørundfjord” på telefon 94806606,døgnet rundt. For å innhente tilbod kan det også henvendast på epost: marit.riise.olsen@tussa.com

Les heile

Knut Hustad

07.04.2006

Verdens beste skulebollar

<a href="images/fane/img_1767.jpg"><img width="150" vspace="10" hspace="10" height="112" border="0" src="images/fane/thumbs/img_1767_thumb.jpg" alt="img_1767" title="img_1767" align="right"></a>Importerte bakarvarer frå Ørsta og andre stadar har halde liv i oss Hjørundfjordingar i alt for mange år. Vi har sakna kvalitetsprodukta.<p>
Mange av oss har dagleg kika inn gjennom vindauga til dei tidlegare lokala til Strands bakeri på Sæbø. Vert her ikkje oppstart snart, har vi tenkt. Og no skjer det: I første halvdel av mai 2006 vert det nyopning av Strands bakeri på Sæbø. Nutte og Daffa har brukt fornuft. Vi gler oss til opninga...

Les heile

Ivar Svein Mo

03.04.2006

Filmteam har vore i Hjørundfjordfjella

Hjørundfjorden hadde besøk sist veke av eit skiteam frå Austlandet som skulle filme og fotografere i Hjørundfjord fjella. Dette skulle være ei gratis marknadsføring for Ørsta kommune og Sunnmørsalpane, med bileter til inn og utland, men dei fekk vanskar då dei bad Ørsta kommune om løyve til å filme skisportaktivitet frå helikopter. Dei fekk ikkje avslag, men slik vi forstår det, møtte dei eit vanskeleg byråkrati og hadde ikkje anledning å vente på det nøvendig løyve for lyset og véret bestemmer for ein fotograf. Skifotografane fekk ikkje same vanskane når dei kontakta Stranda.Fotografen hadde ein teori om at vanskelegheitene for å få løyve var at ein vil ha paradiset for seg sjølv,uttalte han til Møre Nytt.
Styringsgruppa for Hjørundfjorden bygdemoblisering som arbeider med å marknadsføre Hjørundfjorden, ser det nødvendig å reagere med ein henvendelese til Ørsta kommune med brev til ordførar og teknisk sjef. Du kan lese brevet her:

Les heile

Enok Kippersund

01.04.2006

Koss er det med skarven?

Koss er det med skarven lenger ute i fjorden? Hekkar han her på våre kantar?

Har halde auge med ein koloni på 5-6 stykke eit par vekers tid, men no har dei visst trekt utover/nordover.

Eit bilete eg tok av ein trio:

<a href="http://www.hugen.no/staffeli/flatpakke10.htm" target="_blank">http://www.hugen.no/staffeli/flatpakke10.htm</a>

Les heile