Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Desember 2006 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå Desember 2006 i Lokalnytt

Knut Hustad

24.12.2006

Godt nøgd

Også Jon Arne Årseth på Bellingen set pris på nokre fridagari jula, men heller ikkje han vil klage. Tvert om, han set pris på både julehandelen og kundane sine.

Les heile

Knut Hustad

24.12.2006

Tusen takk og god jul

Daffa og Nutte vedgår det så gjerne: Dei er slitne etter hektiske dagar på Strands bakeri, men er svært takksame for den positive responsen dei har fått.

Les heile

Knut Hustad

23.12.2006

Siste dag for handel

Lange dagar for dei som driv med butikk i desse tider, men Gunnhild og Torbjørn Slettedal hos Joker på Sæbø er like blide for det..

Les heile

Rune Sæbønes

22.12.2006

200.000 til Bondalseidet

Ørsta kommunestyre vedtok på budsjettmøtet tysdag å løyve 200.000 kroner i driftsstøtte til Bondalseidet. Det vil gjere det mogleg for Ørsta Skisenter å engasjere folk til å ta i vare skiheisen og skitrekket, og fylgje opp dei strenge krava Veritas set for slik drift. Samstundes går arbeidet for å selje hytter og hyttetomter i området for fullt.

Les heile

Rune Sæbønes

19.12.2006

Julefesten i rute

Julefesten på Bondalen grendehus er i rute. No er huset pynta til fest, programmet er klart, og festnemnda er budde på storinnrykk. Det er framleis billettar igjen.

Les heile

Hilde Muren

19.12.2006

Barnehagen byggjer ut - del II

Byggjearbeidet i barnehagen går langsomt men sikkert framover. Vi håper på at vi er ferdige ein gong mellom vinterferie og påske. På austsida er eit tilbygg allereie reist og på vestsida er eit hus flytta og grunnmuren til eit framtidig grillhus på plass.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

19.12.2006

Bygginga av Vågen Kraftverk i gang

Arbeidet med Vågen Kraftverk er i gang. For tjuefem millionar kroner byggjer fallrettshavarane på Finnes og Sætre i Storfjorden eit kraftverk som vil forsyne 900 husstandar med straum.

Les heile

Rune Sæbønes

15.12.2006

Hjørundfjorden vert ikkje nasjonal laksefjord

Hjørundfjorden vert ikkje nasjonal laksefjord, og Bondalselva får ikkje status som nasjonalt laksevassdrag. Det er klart etter at regjeringa i dag la fram forslaget sitt til vern av villaksstamma. Les pressemeldinga frå miljøvernminister Helen Bjørnøy.

Les heile

[3 kommentarar]

Helge Strand

14.12.2006

Avklaring om nasjonale laksevassdrag

Miljøvernminister Helen Bjørnøy presenterer fredag regjeringa sin politikk for vern av villaksen, og det vil kome forslag på nye nasjonale laksevassdrag og laksefjordar. Bondalselva og Hjørundfjorden kan vere blant forslaga.

Les heile

[8 kommentarar]

Rune Sæbønes

13.12.2006

Stormen kjem, men ikkje så gale...

Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om storm torsdag ettermiddag og kveld på kysten fra Hordaland til Nord-Trøndelag. Men noko ekstremvær vert det neppe, skriv Sunnmørsposten på nett (www.smp.no)


Les heile

Knut Hustad

13.12.2006

Vêrrapport

Ute på Haltenbanken, på boreplattformen West Alpha, jobbar der ein kar som heiter Fred Ingar Somby. Han har sendt oss eit par ferske vêrrapportar...(Arkivfoto av Fred Ingar til høgre)

Les heile

[5 kommentarar]

Knut Hustad

11.12.2006

Julegrana på Sæbø tend.

Som tradisjonen tilseier, vart i dag - 2. søndag i advent - julegrana på Sæbø tend etter lysmessa i Hjørundfjord kyrkje. Og etterpå var det julemarknad på Bondalen grendahus...

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

10.12.2006

Uver

Det er uver i Hjørundfjorden i dag. Førebels handlar det om regn og kuling, og så får ein sjå kor langt stormen som er meldt når inn i fjordsystemet.

Les heile

Rune Sæbønes

09.12.2006

Sæbø live

hjorundfjord.no prøver i dag noko nytt. Nemleg å vere til stades i Sæbø sentrum på direkten ein laurdag føremiddag og tidleg ettermiddag. Vi har benka oss utanfor Strands Bakeri, og prøver Tussa si trådlaussone.

Les heile

[8 kommentarar]

Knut Hustad

06.12.2006

Flotte juledekorasjonar

I kveld laga over 30 kvinner flotte juledekorasjonar under arbeidsmøtet til Helselaget på Bondalen grendahus.

Les heile

Rune Sæbønes

06.12.2006

Lagar dokumentarfilm om Hjørundfjorden

Ein ny Hjørundfjord-film er på veg. Filmstudentane Christer John Auger og Benjamin Hjort ved Høgskulen i Volda har nytta hausten til å gjere ei rekkje opptak i Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane. Dette vert ein lågmælt dokumentarfilm om Hjørundfjorden, der Helge Nordang har ei sentral rolle

Les heile

[2 kommentarar]

Rune Sæbønes

04.12.2006

Stor(m) flod

Det er stor flod langs heile vestlandskysten i kveld (måndag 4. desember), og også i Hjørundfjorden. På Sæbø stod floda like etter kl. 22.00 svært høgt, sjølv om det ikkje var nokon rekord.

Les heile

[1 kommentar]

Helge Strand

04.12.2006

Rolf fyller 60 år!

Min kjære bror og ven, Rolf,fyller 60 år i morgon den 5. desember.
Eg veit han ikkje likar at eg skriv det. Han vil ikkje ha nokon blest om sin eigen person,Rolf.
Men likefullt, eg tek sjansen.
Den som ønskjer å vitje Rolf i morgon er heilt sikkert velkomen til hytta hans på Bondalseidet. Der er det ope hus heile dagen, og kvelden.....!

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

01.12.2006

Nyttårsplakatar også i år

Det er fire veker att til 2007. Akkurat i årsskiftet vil plakatnemnda tradisjonen tru kome med nyttårsplakatane på Kaihusveggen.

Les heile