Rune Sæbønes
30.11.2006
Ny turistferje på Hjørundfjorden
Komande sommar vert det etablert endå eit tilbod for å få turistar til Hjørundfjorden. Selskapet 62 grader nord etablerer ei kommersiell turistferje frå Magerholm til Leknes. Dette er berre det første steget i ei større satsing. Frå 2008 skal ferjesambandet gå inn i eit transportsystem som skal frakte turistar innom dei viktigaste turistmåla i Romsdal og på Sunnmøre.