Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Oktober 2006 » Lokalnytt

Attende til hovudsida

Artiklar frå Oktober 2006 i Lokalnytt

Knut Hustad

28.10.2006

"Fjordtun" får carportar

Allereie i morgontimane i dag, laurdag, var tre karar i gong med å støype fundament til det som skal verte carportar utanfor sameiget "Fjordtun" på Sæbø.

Les heile

Knut Hustad

28.10.2006

Gangvegen på "Riserampa" vert grusa

Tidelgare har ein dugnadsgjeng rydda rampa frå Hustadbrua til Rise for skog og kratt. I dag vart fyrste del av rampa grusa. Dermed har vi fått ein fin gangveg. Til høgre ser vi Knut J. Riise(på traktoren) og Ansgar Kvistad i arbeid.

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Hustad

27.10.2006

Bispevisitas

I to heile dagar til ende har biskop Odd Bondevik halde bispevisitas i Hjørundfjord prestegjeld. Visitasen vart avslutte med visitasmøte på bedehuset på Sæbø no i kveld.

Les heile

Rune Sæbønes

25.10.2006

Suksess for strikkekafeen

Onsdag var første kveld for strikkekafeen på Sæbø bedehus. Initiativet kan allereie kallast ein suksess, for det var kring tjue personar som var innom i løpet av kvelden. På den første kvelden dukka også Hjørundfjorden bygdemobilisering opp. Sjølvsagt med kake.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

22.10.2006

Nr. 3 - Strands bakeri på Sæbø

Vi er no inne i toppsjiktet i kåringa vår av dei ti beste sommarnyhenda på hjorundfjord.no. Desse tre nyhenda som kjem no, har utan tvil vore med på å auke trivselen både mellom fastbuande i Hjørundfjorden, mellom gjestar vi har hatt på besøk og ikkje minst mellom turistar. Det er ei ære i dag å få presentere den 3. beste på lista - Strands bakeri på Sæbø....

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

22.10.2006

Startar strikkekafe på Sæbø

- Folk besøker mest ikkje kvarandre lenger, og dessutan har vi fleire nyinnflyttarar som har behov for å treffe folk. Difor skipar vi strikkekafeen, som skal vere ein plass der vi kan halde på med handarbeid, og dessutan ha det kjekt og sosialt, seier Ingvill Aambakk og Ann Helene Urkegjerde.

Les heile

[4 kommentarar]

Rune Sæbønes

18.10.2006

Lag mat - ten pengar

- Set deg mål for kva som er akseptabel timelønn når du skal starte med nisjeproduksjon av mat. Ein hobby er vel og bra, men når ein skal starte næring, er det pengane som må styre. Så direkte var bedriftsrådgjevar Hilmar Kleppe då han kom med råd under møtet om nisjeproduksjon av mat på Rekkedal gjestehus tysdag.

Les heile

Rune Sæbønes

11.10.2006

Nr. 7 - M/S Hjørundfjord - arbeidshesten

Det var i vår knytt stor spenning til kven som ville få oppdraget med skyssbåttenesta på Hjørundfjorden. For første gong vart tenesta lagt ut på tilbod. Ørsta kommune bestemte seg for Oddvar Olsen og M/S Hjørundjford, og frå 1. april var båten i teneste. M/S Hjørundfjord er nummer sju på hjorundfjord.no si ti-på-topp-liste.

Les heile

Rune Sæbønes

07.10.2006

Nr. 9 Ungdommen tok tilbake fjorden

På niandeplass på ti-på-topp-lista kjem Mikkel Riise og kameratgjengen som nytta sommaren til storfangstar på fjorden. hjorundfjord.no set stor pris på at ungdommen tek tilbake fjorden, og utnyttar ressursane som er der.

Les heile

Hilde Muren

05.10.2006

Nr. 10 - Fjelltrimmen

Nr 10 på "Ti på topp" lista er Fjelltrimmen. Måndagskveldande var det organisert tur til ymse mål i Hjørundfjord-fjella og i nærleiken. Det var enkle turmål, og aktiviteten skaper miljø,hyggje og samhald.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

05.10.2006

Skiløparar søkjer båt til våren

Seks til åtte engelske skiløparar har meldt at dei kjem til Hjørundfjorden til vinteren/våren. Dei skal gå frå tare til tind i Europas beste terreng for slikt, nemleg i Hjørundfjorden. No ynskjer dei ein båt dei kan leige for å liggje i, og for å ta seg fram til dei ymse turmåla i fjorden.

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

03.10.2006

hjorundfjord.no kårar sommarnyhenda

Ein sommar er over. No når oktober har kome, trur hjorundfjord.no at vi kan slå det fast. Det har vore ein fantastisk sommar med sol og høge temperaturar. Det har også vore ein sommar der det har skjedd mykje i Hjørundfjorden. I dagane framover vil hjorundfjord.no presentere ti på topp-lista over det som har hendt i fjorden denne sommaren.

Les heile