Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - April 2017 » Kultur

Attende til hovudsida

Artiklar frå April 2017 i Kultur

Yngve Frøland

22.04.2017

Kulturoppleving og årsmøte i Hjørundfjord Kulturvernlag

Søndag 23 april kan du få ein nydleg båttur inn Hjørundfjorden til Leira og "Kulturlåven" til John Inge Leira Bjøringsøy. Der vert årsmøtet til Hjørundfjord Kulturlag halde. Det vert vanlege årsmøtesaker i tillegg til kaffi og noko attåt. Avreise frå Sæbø 13.30 via Leknes 13.40.

Les heile

Marie Austrheim Riise

19.04.2017

Slavar av pulsklokka - Nåden i eit nådelaust samfunn

fredag 28 april kl.19.00 vil Volda og Ørsta kyrkjeakademi ha eit spanande arrangement i Hjørundfjord kyrkje. Tor-Johan Ekeland vil freista å forstå dette moderne fenomenet, at så mange gjerne vil retta på og forbetra seg sjølv. Ekeland, som vaks opp på Sæbø, er professor i psykologi ved Høgskulen i Volda, og er oppteken av korleis trendar i samtidskulturen verkar inn på liv og helse. Han drøftar dette i ein samtale med kollega Jan Inge Sørbø.

Les heile

[1 kommentar]

Marie Austrheim Riise

04.04.2017

"Til alle tider" - Konsert i Hjørundfjord kyrkje komande søndag kl.19.

Førstkomande søndag, 09 april, inviterer Venche Leite, Marie Austrheim Riise og Leiv Arne Nydal til konsert i Hjørundfjord kyrkje. Konserten har fått navnet «Til alle tider» og har vore spelt i Ørsta kyrkje tidlegare i vinter. No gjentek dei tre musikarane suksessen og bur seg til ny konsert i Hjørundfjord kyrkje