Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Oktober 2015 » Kultur

Attende til hovudsida

Artiklar frå Oktober 2015 i Kultur

Espen Aarseth

30.10.2015

Helgemesse

Tema: Vi er lys og salt. Nytt sokneråd vert presentert, det gamle takkar av. Døde vert minna denne kvelden.

Les heile

Tor Grunde Simonsen

25.10.2015

Filmsalongen - Searching for Sugar Man

Årets første Filmsalong på Hjørundfjord Filmteater - "Searching for Sugar Man"! Oscarvinnaren frå 2013 er ei historie nesten for god til å vere sann. Gå ikkje glipp av denne filmen!

Les heile

Perry Bjørke

15.10.2015

Musikkafe på Bjørke

Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag arrangerer musikkafe
Haukly den 18 oktober kl 14
Austefjord Hornmusikk vil stå for musikken.

Les heile

Espen Aarseth

12.10.2015

"He touched me" ELVIS- messe i Hjørundfjord kyrkje

Sundag 18. oktober kl 20.00, er det klart for ei gudsteneste litt utanom det vanlege i Hjørundfjord kyrkje.
Lokale krefter har sett saman ei enkel gudsteneste, men i staden for salmar, brukar me songar som Elvis Presley har sunge. Av dei mest kjende kan nemnast "You gave me a mountain" og "American Triology".
Per Ove Flatnes har sunge Elvis Presley sine songar i mange år, og i samarbeid med Tor Grunde Simonsen og sokneprest Espen Aarseth vert no desse songane presentert i gudstenesteform.
Denne dagen er desse musikarane med: Per Ove Flatnes(song/piano), Tor Grunde Simonsen(tangentar, blås og gitar), Frode Riise (gitar), Jan Rune Frøland (bass) og Bendik Hustadnes (slagverk)
Prest er Espen Aarseth.
Dette må du få med deg!
Vel møtt!

Les heile

Marit Aklestad

11.10.2015

Hjørundfjord Filmteater med nye framsyningar søn. 11. og man. 12. okt.

Søndag 11. oktober kl 17.00 er det klart for ny framsyning på Hjørundfjord filmteater! Barnefilmen denne gongen er den moderne norske klassikaren "Knerten".

Hjørundfjord Filmteater opna dørene på Sæbø Bedehus for om lag ein månad sidan. Der har vi fått installert lyd og bilete i ypparleg kvalitet. Med det vil vi skape eit filmtilbod til store og små her i bygda. Ein søndag i månaden, syner vi først ein barnefilm, og så ein film for vaksne, med ein passeleg kaffipause imellom. I tillegg har vi "Filmsalong" nokre torsdagar der vi syner litt meir spesielle filmar, og nokre gongar "seniorvisning" på dagtid der sjukeheimen blir spesielt invitert, men som sjølvsagt også er opa for alle andre som har lyst på ei flott kinoppleving.

Les heile