Sæbø skulekorps/ generasjonskorps
26.04.2013
Bli med i korpset vårt!
Å spele i korps er både gøy, sosialt, lærerikt og utfordrande. Når du byrjar i korpset vil du raskt oppdage at det er morosamt å lære notar og meistre eit instrument. Du lærer å spele både åleine, og saman med andre. Det er flott å kunne spele hovudrolla på nasjonaldagen vår, men musikken og ikkje minst miljøet i korpset er så uendeleg mykje meir enn berre å spele marsjar. Det å beherske eit instrument og skape musikk saman med andre gjev ei glede og unik erfaring som ein tek med seg resten av livet.
Med korpset får du:
Ein hobby som er sosialt utviklande.
Ei moglegheit til å uttrykkje seg, både åleine og i samspel med andre.
Kanskje ei livslang interesse, og ein sunn og morosam hobby?
Ein fritidsaktivitet i nærmiljøet, som bidreg til å skape identitet og tilhørigheit.