Kari Stokke
31.03.2012
Glade Sæbødamer på fargerik blåtur
No var kan hende ikkje sjølve turen så fargerik, men målet for reisa inneheldt eit fargespekter som langt overgår det dei fleste til vanleg omgir seg med.
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mars 2012 » Kultur
Kari Stokke
31.03.2012
No var kan hende ikkje sjølve turen så fargerik, men målet for reisa inneheldt eit fargespekter som langt overgår det dei fleste til vanleg omgir seg med.
Per Urke
29.03.2012
Årsmøtet i Hjørundfjord Sogelag vart avvikla søndag der 25 av dei 170 medlemene møtte fram. Ei positiv stemning i laget med mange aktive tillet at ein kan ta fatt på nye oppgåver
Sæbø Grendalag
25.03.2012
No har materiale komt til Grindaløa vår, så no er det ny dugnad.
Knut Riise
22.03.2012
Komande søndag 25.mars kl. 14, er det årsmøte i Hjørundfjord sogelag på klubbhuset til Sæbø idrettslag.
I tillegg til bilete frå sogelaget sitt biletprosjekt vil elevar frå Sæbø skule vise bilete og fortelje frå si reise til mellom anna Auschwitz og andre krigsminnesmerke i Polen og Tyskland.
Knut Riise
20.03.2012
Eg har høyrdt om kyrkja som stod på Hustad i all mi tid. Då eg var yngre såg eg meir på det som ei segn, då alle spor etter kyrkja er utviska av elva. 1500 talet var dessutan så uendeleg lenge sidan.
Men det var som om år 1550 kom mykje nærare då eg fekk opne bibelen og bla i den. Det var nesten uverkeleg kor fin den var, og for eit handverk dei hadde utøvd på 1500 talet!
Det var velbrukt tid å få høyre sjølvaste Jostein Fet fortelje om ferda til bibelen frå den øydelagde Hustadkyrkja til den kom attende til Hjørundfjord kyrkje 420 år etter.
Ivar Svein Mo
18.03.2012
Søndag var det familiegudsteneste og stor aktivitet i Hjørundfjord kyrkje.
Noahs ark var tema og tre barnekor song og det var utdeling av bok til 4-åringane og førsteklassingane.
Etter gudstenesta møtest voksne og born til "kyrkjekaffi" på bedehuset. Det var sjølvsagt høveleg drikke til borna.
Knut Hustad
06.03.2012
Ørsta vil ha nytt slagord. Rådmann og politikarar treng tydelegvis hjelp...