Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - August 2011 » Kultur

Attende til hovudsida

Artiklar frå August 2011 i Kultur

Marita Bett Jensen

31.08.2011

Sigmund Årseth i Bakketunet

På kulturminnedagen søndag 11. september kl 1300 inviterer Bakketunet til måleriutstilling med Sigmund Årseth frå Valdres og keramikkutstilling med Rolf Vatn i frå Ørsta.

Gine Gaustad Anderssen frå Tennfjord opnar kulturminnedagen med vakker song. Både kunstnar og handverkar vil vere tilstade under utstillinga denne dagen.

Les heile

Per Urke

15.08.2011

Eit måleri, ein lagnad og ei historie

Edvard R. Urke fekk eit kort liv. Fødd i 4.9.1887 i Olagarden på Ytre Urke og døde 9.7.1907, 20 år gammal.

Han ettterlet seg ikkje anna, utanom nokre måleri, enn å bli omtala som ein ungdom med kunstnargivnad.

Dette biletet finst den dag i dag i Jensagarden på Urke og måleriet har ei historie som fortel at maken hamna i Amerika.

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

10.08.2011

Smekkfullt nypussa Grendahus på Urke

Dei leitar seg heim dei som har røter i Urkebygda når det vert invitert til kultursamling ei av siste helgene av somarferien. Eit nypussa og utvida grendahus vart laurdag fylt opp til siste plass – og vel så det.

Les heile

Ivar Svein Mo

05.08.2011

Naturfestivalen rute 20 - Kvistad- Kvamsedalen

Søndag 7.august er det tur nr.20 i Naturfestivalen som skal aviklast. Turen går frå Kvistad til Kvamsedalen og kan utvidast etter ynskje med tur til Kvamsedalsbrunene slik ein får sjå ned til Bjørke, Finnes, Leira og Viddal...

Bilde th. viser fjellvatna innover Kvamsedalsfjellet

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

01.08.2011

Gjetarhyttebyggaren

Det ligg vel i namnet, Trefot-Jo hadde ein fot av tre, men han hadde også tre føter. No byggjar Thomas Hustad ein kopi av gjetarhytta hans, like ved kaihuset på Sæbø, nærast midt i ferjekøa.

Les heile