Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Juni 2011 » Kultur

Attende til hovudsida

Artiklar frå Juni 2011 i Kultur

Cecilie Rørstad

24.06.2011

Velkomen til Midtsumarblot på Bjørke

No har det heile starta og me ynskjer alle velkomne til ei fin helg i lag med oss på Bjørke. Vi byr på kunst, handverk, god mat, kultur, opning av Bjørke Marina, flott musikk, fjelltur til Oddekloven og mykje meir. I morgon kan du kome sjøvegen med m/s "Hjørundfjord" til Bjørke. Båten går kl. 11.00 frå Solavågen og er innom Sæbø på vegen innover. Retur kl. 17.00.

Klikk på biletet så får du opp programmet for "Midtsumarblot på Bjørke".

Les heile

[2 kommentarar]

Kristin Vatne

15.06.2011

Lys Vaken i Hjørundfjord kyrkje

Tolv kjekke gutar og jenter frå 5. og 6. klasse var med på Lys Vaken som er å overnatte i kyrkja. Det var i pinsehelga og er første gong det er overnatting på denne måten i Hjørundfjord kyrkje.

Les heile

Dagny Riise Heggestad

14.06.2011

Konsert med Ervingen blandakor

Laurdag 18. juni kl 18.00 vert det konsert med Ervingen blandakor i Hjørundfjord kyrkje. Koret har eit blanda repertoar denne kvelden med m.a. The Beatles, Billy Joel og Ivar Aasen.

I tillegg til korsong vert det soloinnslag med Børre Lødemel og Øyvind Lied.

Les heile

Kari Stokke

10.06.2011

Lys vaken! og kyrkjekaffi

Komande helg er det pinse og elevar i 5. og 6. klasse ved Sæbø skule skal overnatte i Hjørundfjord kyrkje i lag med sokneprest og foreldre.

Pinseafta håper vi på godt vêr så dei kan vere ute og grille pølser.

Pinse er kyrkja sin fødselsdag og etter gudstenesta 1. pinsedag vert det kyrkjekaffi på bedehuset med ei ekte fødselsdagskake.

Les heile

Ivar Svein Mo

07.06.2011

Stev, folkevise og salmesong i kyrkja

Ørsta kommune si storkyrkje og den suverene konsertsal, vart overleten til to setesdølingar på laurdagskvelden. Ja, vi snakkar her om Hjørundfjordkyrkja og to av våre aller beste folkemusikkarar...

Les heile

Kari Stokke

01.06.2011

Musikal Cabaret på Hjørundfjorddagane

Under Hjørundfjordagane vert det førpremiere på ”Musikal Cabaret” med Silje Aarflot frå Volda og Marie Austrheim frå Ørsta. Det vert ei framsyning med høg showfaktor, friske rytmer og musikalsong på både norsk og andre språk.

Desse to dyktige artistane ynskjer å sette opp ei kveldsførestilling av ”Musikal Cabaret” til hausten og dei har valt Hjørundfjorddagane til å presentere ein forsmak på denne med å syne eit pent klippe av musikalmelodiar.

Les heile