Hjørundfjordportalen Administrator
30.05.2011
Gjesteutstillarar frå Valdres.
På Hjørundfjorddagane i år har vi vore så heldige å få tre kunsthandverkarar frå Valdres. Dei stiller ut trearbeid, smykke og bruksting i sølv og keramikk.
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mai 2011 » Kultur
Hjørundfjordportalen Administrator
30.05.2011
På Hjørundfjorddagane i år har vi vore så heldige å få tre kunsthandverkarar frå Valdres. Dei stiller ut trearbeid, smykke og bruksting i sølv og keramikk.
Kari Stokke
29.05.2011
Torsdag hadde generasjonkorpset på Sæbø siste øving før sommarferien og avslutta sesongen med ein kjekk tur til Bjørke søndag.
Tidlegare har korpset vorte spurt om å kome til Bjørke og spele og denne søndagen passa det både for oss og for SFUL at vi tok turen til musikkafé på Haukly.
Knut Hustad
28.05.2011
Det er slik som det skal vere - svært mykje å gjere før dørene kan opnast, men no er Anna Moan(t.v.) og Elisabeth Dimmen klare til å ta vel imot oss alle når kunst- og husflidbutikken Nilsbuda på Sæbø opnar laurdag klokka 1100.
Kari Stokke
30.05.2011
Søndag 5. juni kl. 13.00 vert det ein særs aktuell debatt frå scena på Hjørundfjorddagane:
Kommunesamanslåing - gagnar det lokalsamfunna?
Blant debattantane er Erna Solberg, partileiar i Høgre.
Perry Bjørke
25.05.2011
Musikkafe på Bjørke
Søndag den 29 Mai blir det musikkafe på Haukly
Vi er så heldige at Generasjonskorpset på Sæbø kjem
til Bjørke denne dagen for å spele for oss på kaffen.
Det blir og musikkinnslag av nokre flenke gutar som øver på Musikkverkstedet.
Les Program:
Per Urke
25.05.2011
På biletet ser vi ei som synest at "årefest" er langt meir spennande enn Lotto!
Urke Grendalag inviterer til basar Kristi Himmelfartsdag, 2. juni kl. 14. Der og då brukar 3-4 timar å fly fort i godt selskap. Helselagsbasaren vart avvikla i fjor og no overtek Grendalagsbasaren og vidarefører ein god tradisjon til nytte for bygda og trivnad mellom deltakarane.
Kari Stokke
30.05.2011
Dei siste åra har det vorte tradisjon å ha ein flott konsert i Hjørundfjord kyrkje laurdagskvelden i samband med Hjørundfjorddagane.
I år gjestar Kirsten Bråten Berg Sæbø ilag med musikar Daniel Sandén-Warg
Kari Stokke
06.05.2011
Om fire veker opnar Hjørundfjorddagane 2011.
Nemnda gler seg no til å få ønskje publikum frå nær og fjern velkomne til trivelege dagar i "verdas vakraste fjord" 4. og 5. juni.
Det er ei utfordring å finne underhaldning og utstillarar som interesserer og passar for alle. Det vil vi aldri få til, men nemnda gjer sitt beste, programmet er no på plass og vi har som vanleg tru på at årets arrangement vert betre enn nokon gong.
Knut Hustad
02.05.2011
Det er tre Grøtdalstindar, den søre er mest kjend, men dei to andre er vel verd eit besøk - også med ski. Går du vidare får du sjå ein "filmsnutt" med ca. 60 foto og musikk...