Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Desember 2011 » Kultur

Attende til hovudsida

Artiklar frå Desember 2011 i Kultur

Marita Bett Jensen

31.12.2011

Godt Nyttår!

Bakketunet på Bjørke takkar alle våre hjelparar, gjestar og utstillarar i året som gjekk! Me satsar friskt på ein ny sommarsesong og gler oss til å presentere eit rikt og variert utstillingsprogram i 2012!

Godt Nyttår til alle hjørundfjordingar!

Sjå filmsnutt frå fjorden og Bakketunet ved å gå til denne adressa:

Les heile

Sæbø Grendalag

28.12.2011

Nyttårsfeiring

Nyttårsfeiring i Fonnværnet/ Grindaløda

Fra Kl 2300 og utover blir det også i år ei feiring av det nye året i fonnværnet/grindaløda.

I Grindaløda/Fonnværnet blir det gløgg og pepperkaker, for dei som har lyst på dette.

I Fonnværnet blir det rakettar å sjå, når det nye året startar å vi går inn i 2012.

Håper mange tar turen samman med oss i Sæbø Grendalag.
Vel møtt til alle som vil.


Dette blir utført så sant veret ikkje er i mot oss.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

16.12.2011

FRÅ HJØRUNDFJORD Årskrift nr.33

Frå Hjørundfjord er utgjeve av Hjørundfjord sogelag og er ei årbok som kjem ut i desember kvart år. Ei hovudmålsetjing for skriftstyret er å ta vare på minne frå folkelivet og såleis knyte band mellom folket før og no. Også i år er ei ny bok klar og i same gode kvalitet som den alltid har vore...

Omslagsbiletet er snøkledde Jønshorn (foto: Kari Årsnes)

Les heile

Knut Hustad

12.12.2011

"Opplev Sunnmørsalpane"

- Ei bok for alle som er interessert i variert friluftsliv, skriv forfattarane. Sant nok, har du enno ikkje fått kjøpt boka, veit du kva du skal ønskje deg i julegåve...

Ingressfoto: Dropping/hopping utfor knaus v/Himmelporten like under toppen av Søre Grøtdalstinden.

Les heile

Kari Stokke

02.12.2011

Lysmesse, julegrantenning og marknad

Søndag 4. desember vert det lysmesse i Hjørundfjord kyrkje ved sokneprest Rolf Dyrhol og konfirmantane kl. 15.00.

Like etter lysmessa skal julegrana på Sæbø tennast og generasjonskorpset vil spele eit lite utval julesongar der.

Turen går så fram til Bondalen grendehus, der generasjonskorpset arrangerer sin årlege julemarknad.

Les heile

[2 kommentarar]