Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - November 2011 » Kultur

Attende til hovudsida

Artiklar frå November 2011 i Kultur

Arne Lied

05.11.2011

Min draum har vorte verkelegheit.

Stor takk til teatergruppa i Bondalen Frilynde Ungdomslag!

Då eg for 20 år sidan var engasjert i bygginga av Bondalen Grendahus , hadde eg ein draum om at Grendahuset skulle bidra til at kulturlivet i Bondalen skulle blomstre, t.d. med eigenprodusert revy og teater og med lokale skodespelarar. Teatergruppa i Bondalen Frilynde Ungdomslag inviterte i dag til teaterframsyning av Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen. Publikum fekk eit strålande framført songspel, av senevande artistar. Det ligg utan tvil mange øvingar bak ei så vellykka framføring. Det må også være inspirerande for teatergruppa, når dei frå sena kan skue ut over ein fullsett sal. I pausen gjekk skodespelarane rundt i salen og spanderte pepperkaker, det var også høve til å kjøpe mat og drikke. Ei stor takk til alle i teatergruppa i BFUL. Gler meg alt til neste gong dei kjem på sena att.

Les heile

[1 kommentar]

Per Urke

01.11.2011

Fotonemnda er i arbeid

For to år sidan oppnemnde årsmøtet i sogelaget ei nemnd som skal finne fram og registrere gamle foto med tilknytning til Hjørundfjord.

Nemnda har hatt sitt første møte og ser for seg at det trengst hjelp frå mange for å kunne utføre arbeidet.

Les heile

Roy Lillebø

07.11.2011

Temakveld om flyslaget over Hjørundfjorden i februar 1945

Sett av kvelden mandag 07.11.2011 og møt opp på klubbhuset på Sæbø kl 1900.
Då vil historia bli presentert både med bileter og vrakdeler av Arnold Hustad som har inngåande kjennskap til denne historiske hendinga.
Luftkampen over Hjørundfjorden den 16 feb 1945 er både lokalhistorie, norgeshistorie og verdshistorie. Hendinga ligg no til rette for å nytte kommersielt som t.d i turistsamanheng -og andre samanhengar sidan innhaldet har apell både til ungdom, kvinner og menn.

Bilete på ingressen er flygar Wolfgang Kindt som ligg begravd på Sæbø.

Les heile

[4 kommentarar]