Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - August 2010 » Kultur

Attende til hovudsida

Artiklar frå August 2010 i Kultur

Kari Stokke

31.08.2010

Korpsøving på Grendahuset

Generasjonskorpset har hatt lang sommarferie, men torsdag 2. september startar øvingane igjen.

Vi er ikkje så mange i korpset og håpar stadig at fleire vil slå seg i lag med oss.

Dersom du har spelt i korps tidlegare og har lyst til å prøve deg som musikant igjen er du hjarteleg velkomen.

Les heile

[1 kommentar]

Per Urke

28.08.2010

Slit og strev på sankesti

Fram til 1930-talet var det vanleg med nokre få geiter på kvar gard. Geita var fattigmannens ku. Geita var nøysom i matfatet, heldt seg gjerne i ulendt terreng der ho plukka i seg lauv, knoppar og lyng. Geita gav mjølk som vart ysta til geitost, og i tillegg var kjøtet viktig. Skinnet var ekstra mjukt og fint og ragget (håret) var brukt til slitesterke raggsokkar.

Les heile

Ivar Svein Mo

26.08.2010

Kulturvandring på Trandal.

Fyrstkomande sundag byd Hjørundfjord Kulturvernlag inn til den årlege kulturvandringa i Hjørundfjorden. I år skal den vere på Trandal, frå Nes til Rønning.

Bilde th.: Nes på Trandal i Hjørundfjorden

Les heile

Per Urke

23.08.2010

Helikoptertur: Fleire bilete

Når ein riv i med ein helikoptertur over det vakraste av det vakre, og knipsar eit par hundre bilete, er det freistande å dele nokre til av dei med brukarane av portalen. Sjå dette som ei utviding av den første artikkelen.

Les heile

[1 kommentar]

Siw Lillebø

23.08.2010

Nrk er på jakt etter skodespelarar til "Vaffelhjarter"

NRK Super skal lage TV-serie i 7 episoder av boken ”Vaffelhjarte” av Maria Parr. Innspillingen vil mest sannsynlig foregå på Sunnmøre, så vi leter nå først etter jenter og gutter fra Sunnmøre i alderen 6-13 år til rollene. Du trenger ikke ha tidligere erfaring innen teater eller film

Les heile

Per Urke

23.08.2010

"Knapt til å tru, men siste gongen.."

Det låg spenning i lufta då Ole Rønning sette seg inn i helikopteret på Stenes. Endeleg skulle han få innfridd sitt høgste ønskje. Endå ein tur på dette mektige fjellet rett opp frå garden der han var dreng i sju år.

Les heile

[4 kommentarar]

Per Urke

15.08.2010

Til Stålberghornet for 14. gang

I morgon, måndag, vitjar NRK og "Møre-Nytt" garden Stenes. Med helikopter skal ein via Viddalstranda opp på toppen av Stålberghornet for å kartlegge geithaldarane sine vegar for å hente heim kjea i september. Og då er det sjølvsagt at Stenes-drengen gjennom sju år, Ole Rønning, skal vere med på sin 14. tur dit.

Les heile

[3 kommentarar]

Per Urke

10.08.2010

Kulturkveld med meirsmak

Laurdagskvelden på Grendahuset samla fullsett sal der stemninga var god frå start til slutt. Programmet hadde ei blanding av innhaldsrik opplysning, kåserande livsskildring med snert og humør, song og musikk som rørte hjarterøtene.

Les heile

[1 kommentar]

Janneche Myklebust

10.08.2010

Hagefest på hjørundfjordheimen

Hagefest på Hjørundfjordheimen fredag 13.08.10 kl. 15.00 Ta med mat på fat.Vi kosar oss ute med god prat. Allsong og moro med Sigfrid og GP. Voksne kr. 50,- .
ALLE VELKOMNE
Arr. Helselaget/ Hjørundfjordheimen

Les heile

Knut Hustad

11.08.2010

Formyndarstaten

- Sjå til Tyrol og la eigaren av Hotel Union på Øye få byggje ut det klassiske trehotellet i gamal stil, skriv Jon Hustad, kommentator i vekeavisa Dag og Tid.

Denne- og liknande saker vart no tysdag debattert på NRK-radio - Her og Nå og Kulturnytt.
Peikar til ein artikkel i dagsavisa Klassekampen er no lagt ved.

Les heile

[1 kommentar]

Perry Bjørke

09.08.2010

Misnøye med Momskompensasjonen.

MISNØYE MED MOMSKOMPENSASJON
På ingressbildet ser du kor mange kulturhus det var i Ørsta Kommune for 20 år siden.
Det er ikkje ferre i dag.
Det er mange av desse som treng ombygging og vedlikehald.
Kvifor skal kulturhusa betale 25 prosent ekstra ?
Kommuna burde og få på plass en ny kulturhusplan.

Den nye ordninga som staten innførte i år er slett
ikkje rettferdig...

Les heile

Alf Ole Aarseth

05.08.2010

Lyskapellet på Beitostølen

Lyskapellet på Beitostølen er lite og vakkert. Det ligg rett ved Helsesportsenteret og vart ferdigstilt i år 2000, etter fond testamentert frå Anna og Erling Stordahl. Glassmålerier er utført av Ferdinand Finne og forgylling og dekor av ingen andre enn brørne Kjell-Arne og Sigmund Årseth.

Ta deg tid til eit besøk inn i kapellet når du er på Beitostølen, det er usedvanleg vakkert!

Les heile

Perry Bjørke

04.08.2010

Naturfestivalen med Aktivitetsdag på Bjørke

Det blir aktivitetsdag på Bjørke Torsdag den 5 August.
Kunst og handverkskaféen blir open frå kl 11-19
Kulturminneløype rundt Bjørke frå anleggskaia kl 1030 og kl 16 frå Bruaslatta.
Båt frå Sæbø kl 10
Vil du vere med så møt opp på kaia.Retur til sæbø ca kl 14

Haukly blir ope frå kl 15.varm mat mm
Velkommen til en trivelig dag på Bjørke

Les heile