Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Juni 2010 » Kultur

Attende til hovudsida

Artiklar frå Juni 2010 i Kultur

Hjørundfjordportalen Administrator

26.06.2010

Trubadur og kultur i Notanaustet på Bjørke.

I kveld byd Hjørundfjord kulturvernlag og Bjørke grendalag inn til kulturkveld i Notanaustet, det vert laga til med sitjeplassar og benkar i og utanfor naustet. Trubadur Sigbjørn Follestad vil syte for musikk og humoristiske innslag, lokale historikarar vil fortelje sanne og usanne skrøner frå tida då notanaustet og fisket hadde var ei viktig attåtnæring. Dette vert ”Rorbuda” i Notanaustet.

Bilde th.: Trubadur Siggen

Les heile

Knut Hustad

18.06.2010

Skuleslutt og bading

Ei flott og verdig feiring av 10 års skulegang var ikkje nok for dei alle. Dei tøffaste markerte avslutning med å hoppe i havet i Sæbø sentrum...
På foto til høgre ser vi Petter Julius Årseth treffe havflata.

Les heile

Per Urke

17.06.2010

Bryllaup i Bårdgarden 1893

Dette biletet har heidersplass i Bårdgarden på Øye. Det er teke 19. juni 1893 – ein regnfull sommardag - då Berta Ananiasdtr. Øye gifte seg med Lars IvarssonTryggestad.

Les heile

Knut Hustad

14.06.2010

Nilsbuda på Sæbø

Nilsbuda på Sæbø stiller ut- og sel lokal kunst og handverk av høg kvalitet. Det meiner både publikum og drivarane Anna Moan (t.v.) og Elisabeth Årseth Dimmen har vore eit klokt val...

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

13.06.2010

Festspel, kultur og natur på Bjørke siste helga i juni.

I samband med Dei Nynorske Festspela.

Hjørundfjord kulturvernlag har tidlegare hatt samarbeid med Dei Nynorske Festspela om ein kulturkveld i Hjørundfjorden. Til dømes har vi hatt arrangement på Stavbergsetra i Norangsdalen, i Tussa kraftstasjon på Bjørke, på Stavset og på gamle Rise i Bondalen.

Bilde th.: Fylkesmann i Møre og Romsdal Lodve Solholm

Les heile

Per Urke

10.06.2010

Kulturkveld: Om nære minne og sol og måne

I denne omgang vil vi berre minne om at det er lurt å krysse av denne dagen på kalenderen.

Laurdag, 7. august, skal bli ein hyggekveld med uventa, lokale aktørar. Og det er sjølvsagt på Urke det skjer!

Les heile

Kari Stokke

05.06.2010

Ein vellukka dag på Sæbø

Då har den første dugnadsgjengen tatt kvelden etter å ha gjennomført eit flott arrangement på Sæbø laurdag.
Godt vêr, hyggelege gjester, god mat, familievennleg program og mange flotte utstillingar.
Søndag 6. juni er vi på ny klar til å ta imot gjester frå fjern og nær.

Les heile

Ivar Svein Mo

05.06.2010

Bondalsparken inviterar til plattingdans

Det fine véret må benyttast og vi vil spele på utescena i Bondalsparken. Dette var ynskje frå musikkarane i Crashville.
Og Åmdalen ungdomslag som er arrangørar for dansen, måtte berre imøtekome musikkarane sine ynskjer. Dermed ynskjer arrangørane alle ungdommar og alle som føler seg som ungdommar, til ein kveld med flott musikk og god stemning i Bondalsparken..
Portane opnar kl.20.00

Les heile

[1 kommentar]

Kari Stokke

05.06.2010

Velkomne til Hjørundfjorddagane 2010 !

Ein strålande morgon i Hjørundfjorden i dag, med sol frå klår himmel.
Hjørundfjorddagane åpnar kl. 12.00 og vi kan by på god underhaldning, god mat kan kjøpast og du kan treffe monge gamle kjende her på Sæbø i dag.

Har du ikkje ordna deg billett til konserten med Ytre Suløen Jass-ensemble og Tricia Boutté i kveld kl. 19.00?
Framleis nokre få billettar igjen. Kan tingast på tlf. 915 69 591.

Les heile

Kari Stokke

03.06.2010

Aktuell debatt på Hjørundfjorddagane

Det vert ein særs aktuell debatt om villaksen på Hjørundfjorddagane.
Villaksen har vorte borte frå fleire av dei viktige lakseelvane i Noreg, såleis også i Bondalselva. Dei som har levd ei stund, hugsar då laksefiskarane stod skulder ved skulder og drog på land sølvbleinkande fisk ved Hustadbrua og elles framover i Bondalen. Slik har det ikkje vore på mange år.

Les heile

Kari Stokke

04.06.2010

Hjørundfjordingar!

Står du ikkje på arbeidslistene til Hjørundfjorddagane?

Vi treng folk til 3 vakter laurdag og 5 vakter søndag.
Nemnda ber om at de tar kontakt dersom de kan ta ei vakt, eller ei vakt til.

Nemnda skulle gjerne tatt dei sjølve, men sjølv om vi vert til stades under heile arrangementet kan vi ikkje binde oss til faste vakter.

Dei vaktene som no står ledige er:

Les heile

[1 kommentar]