Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mai 2009 » Kultur

Attende til hovudsida

Artiklar frå Mai 2009 i Kultur

Hjørundfjordportalen Administrator

25.05.2009

Gle dykk til dei beste Hjørundfjorddagane nokon gong.

Fyrste helga i juni er det Hjørundfjorddagar att. Dette vert tolvte gongen med dagane sentrert rundt Sæbø skule , Sæbø idrettslag sitt klubbhus og området rundt.
Det er flott at ei lita bygd som Bondalen med god hjelp av folk frå Norangsfjorden og strendene greier å få i stand eit så omfattande opplegg.

Les heile

[1 kommentar]

Kari Stokke

23.05.2009

Framleis nokre billettar igjen

Har du tenkt deg på konsert med Knut Skram i Hjørundfjord kyrkje?
Har du kjøpt billett?
Dersom du ikkje har skaffa deg billett endå må vi be deg ta kontakt med Synnøve R. Hill snarast.

Les heile

Knut Riise

17.05.2009

Gammal 17. maiårgang

Det er snart 17.mai, og etter krigen har det vel alltid vore hornmusikk i toget. Svært mange bondalingar har vore innom musikken i ei kortare eller lenger periode. 17. mai er også ein dag då det vert teke mykje bilete, og her er nokre årgangar.

Eg legg inn eit bilete av tvilsam kvalitet frå den tida vi spelte og åt kjøtkaker på Bjørke.

Les heile

[3 kommentarar]

Kari Stokke

13.05.2009

Har du eit tre til overs?

Eller ein stokk/kubbe, eller to av eit tre?

Hjørundfjorddagane får i år besøk av Oddvar Standal.

Han vil vise oss korleis han ved å bruke motorsag formar troll av ein trestokk.

Stokkane må vere av gran eller furu.

Les heile

Knut Riise

12.05.2009

Endå meir gammalt sarv.

Alt er forgjengeleg og mykje er forsvunne, men ein del er att som foto. Slik som dette biletet av det gamle torvhuset nedafor Skårasetra. Kjetil og eg var der på jakt hausten før nyttårsorkanen gjorde slutt på byggverket. Ikkje nettopp vakkert, men likevel så spesielt at eg brukte film på det. Det same gjorde onkel Edvin i Sledalen før det var for seint for den gamle skogaløda.

Eg legg til eit klenodeum til. Kommunetraktoren!

Les heile

[9 kommentarar]

Ivar Svein Mo

08.05.2009

Hjørundfjord kulturvernlag

Søndag 10.mai er det tid for årsmøte i kulturvernlaget. Årsmøte er i år på Sæbø skule og tida er kl.17.00. Det vert vanlege årsmøtesaker. I tillegg informasjon om Hjørundfjordråsa med bilete - kvar og korleis (ca kl. 18.00).
Det vert ei enkel servering.
Kulturvernlaget ønskjer medlemar og andre interesserte velkomne.

Bilete th. ser ein at arbeidet går framover på Notanaustet på Bjørke.

Les eit samandrag av årsmeldinga her.....

Les heile

Kari Stokke

06.05.2009

Sal av billettar søndag 10. mai

Søndag 10. mai kan dei som har tinga billettar til Hjørundfjordkonserten hente billettane sine på Sæbø skule.

Kulturvernlaget skal ha årsmøte kl. 17.00 og Synnøve Hill vil vere til stades på skulen frå kl. 16.45.

Det vert og høve til å kjøpe billettar for dei som ikkje har tinga endå.

Kr. 250,- pr. billett.

Les heile

Kari Stokke

04.05.2009

Skulekorpset treng nye aspirantar

Sæbø skulekorps treng nye aspirantar!

Dersom vi skal klare å byggje opp eit livskraftig korps på Sæbø må vi ha jamn tilgong på nye aspirantar.

Aspirantopplæringa skjer i kulturskulen og vi minner om søknadsfristen som er 8. mai (førstkomande fredag).

I vinter fekk Sæbø skulekorps kr. 25.000,- i prosjektmidler frå Sparebank1 Volda og Ørsta. Desse er øyremerkt aspirantopplæring.

Les heile

[1 kommentar]