Marie Austrheim Riise
30.11.2009
Barnekor og kosekveld!
Mandag 16 november var det kosekveld i Hjørundfjord Barnekor. Sjokoladekaker, pepperkaker, sveler og brownies...på en mandag(!!) Her var det mange glade og gira born : )
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - November 2009 » Kultur
Marie Austrheim Riise
30.11.2009
Mandag 16 november var det kosekveld i Hjørundfjord Barnekor. Sjokoladekaker, pepperkaker, sveler og brownies...på en mandag(!!) Her var det mange glade og gira born : )
Birgitt Barstad Sørheim
25.11.2009
Grunna store innskrenkingar av opningstida på filialane flyttar Sæbø filial til skulen. Dette gir skulen høve til å bruke bøkene når dei måtte ønskje.
Ivar Svein Mo
19.11.2009
Søndag 22. november har folk anledning å få oppleve Damekoret LYST si generalprøve til årets adventskonsertar, i Bjørke kyrkje. Koret i lag med Tom Erik Bogen, held øvingshelg på Bjørke og avsluttar med ein gratiskonsert frå kl.18-19.
Bilde th.: Bjørke kyrkje (foto Perry Bjørke)
Hjørundfjordportalen Administrator
14.11.2009
Neste år vert Hjørundfjorddagane 5. og 6. juni. Nemnda som jobbar med dagane har alt ein del på plass.
AnnHelene Wille
09.11.2009
Bondalen Helselag vil minne om Grasrotandelen.
Vil du tippe og ynskjer at noko av pengane kan gå til feks Helselaget, seier du i frå om det når du leverar inn kupongen.
Rune Sæbønes
07.11.2009
«You`ll never walk alone» vert sunge med eit desibelnivå utan like. Liverpool har slått Manchester United 2-0 på Anfield i Liverpool. Stemninga er elektrisk. Endeleg har Rune Sæbønes etter eit snart førti år gammalt kjærleiksforhold fått oppleve magien på innsida av ein av dei viktigaste fotballkatedralane i verda.
Perry Bjørke
02.11.2009
Tradisjonentru vert det også i år jule/handverksmesse på Bjørke.
Vi prøver å gjenta suksessen frå i fjor og då vi har hatt godt frammøte tidlegare, vel vi å halde ope to dagar.
7/8 November 2009 Frå kl.13-17.
Alle hjartelig velkomne.
Arrangør :
Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag
i samarbeid med damene som driv med handarbeid på Bjørke.
Les meir.
Alf Ole Aarseth
05.11.2009
Oktober 2001; 11 stk Sæbøveteranar reiser til Lillehammer på den aller første veteranturen for tidlegare spelarar på Sæbø A-lag. Suksessen var stor og alle meinte me måtte få til ein årleg tur kvar haust framover.
Oktober 2009; den niande veteranturen i rekka vert gjennomført og turmål er nettopp til Lillehammer. Samtlege 11 frå 2001 er med! Ikkje nok med det, antall påmelde har auka til 22 mann! Me snakkar 2 heile fotballag, tidlegare lagkameratar frå 80 og 90-talet som gler seg til å møtest, har det sosialt saman, gjer aktivitetar i lag, spelar fotball og har det morosamt heile helga. Ein kan trygt seie at veteranturkonseptet har vorte ein heidundrande suksess.
Kvifor er eg ikkje undra over at det er nettopp gjennom fotballmiljøet på Sæbø ein har fått til dette ?
Kari Stokke
29.11.2009
I desse dagar er det eit år sidan vi fekk tromma i hop eit generasjonskorps på Sæbø.
Vi har øving på Grendahuset kvar torsdag og synest vi har det kjekt i lag.
Men vi vil veldig gjerne at fleire slår seg i lag med oss.
Nokre fleire som speler trompet, eller kornett hadde vore stas, men vi ønskjer oss andre musikantar og!