Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Oktober 2009 » Kultur

Attende til hovudsida

Artiklar frå Oktober 2009 i Kultur

Knut Hustad

21.10.2009

Lakseeventyret

Så er ho her - boka om lakseeventyret. Svein Aam, journalist, ihuga laksefiskar og no også forfattar , har brukt fire år til å skrive ei bok om det eventyrlege laksefisket m.a. i Bondalselva og det som skjedde etterpå.

Til høgre ser vi Svein Aam ombord i ein færing på Hjørundfjorden. Foto: Knut Arne Aarseth.

Les heile

[19 kommentarar]

Perry Bjørke

19.10.2009

Kjem jula på kjerringa i år med.

Det går fort mot jul.
Rekk vi alt før jula kjem.
Kjem jula som vanlig på kjerringa i år med.
Eg følger spent med i kultursakene.
Mykje har gått føre fram til nå i kulturen og meir blir det vel før klokka tikker mot det nye året.
Mange spennende saker blir det framover mot det nye året.
Korleis vil dei nye budsjetta hos regjeringa og kommunene sjå ut for kulturen?

Les heile

[1 kommentar]

Eve Holen

11.10.2009

Sesongstart for speidarane på Sæbø

Haust-tid er speidartid!!
Gaute og Peder vil vere troppsførarar i år også. I tillegg har vi også knytt til oss fleire vaksne som vil ta del ved ulike tema. Speidarane vil ha både ute- og inneaktivitetar. Jenter og gutar frå 5.klasse og oppover kan bli speidarar. Dette blir kjekt!

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordportalen Administrator

08.10.2009

Lopper er kult

Suksessen igjentok seg frå ifjor, med eit loppemarknad som ikkje mangla noko. Damene frå strikkekafeen og styret i bedehuset som har stått på ei veke med å ta i mot lopper frå gjevarar frå heile vårt nære område, var slitne når søndagskvelden kom, men svært fornøgde...

Les heile

Mikkel Riise

02.10.2009

Haust-LAN

Då er det tilrettelagt for dataparty (LAN) i Haustferien, og vi oppfordrar alle "speleglade" ungdommar til og ta seg ein tur.
For informasjon, les heile artikkelen.

Les heile

[2 kommentarar]

Haldis Fiskå Mo

01.10.2009

Ein sniktitt

Det har kome inn massevis av lopper til årets loppemarknad på Sæbø bedehus. Mykje som har vore gøymd i skuffer og skap i lange tider, har fått kome fram i lyset igjen. Her kjem eit lite glimt over kva som ventar dei som finn vegen hit på laurdag og søndag.

Les heile

[6 kommentarar]